tirsdag 7. august 2018

Dag 61: HEIM! (44 nmil)

Kl 0630 la eg ut frå Strusshavn, ein ny liten skvett på 27 liter diesel vart fylt på så eg slepp å fylle heime med det første! Berre ein sjarmøretappe i dag med 8-9 timar!


Ja, då var dagen komme, med ventande ungar og fru heime er det klart eg gler meg veldig til å komme heim, og har gjort det lenge, men turen har så til de grader stått til forventningane og draumane på førehand!

Dette har vore ein draum sidan eg studerte i Bodø på tidlig 90 tallet. I høst/vinter slo det meg ganske plutselig at dette faktisk var mulig å få til reint praktisk, uten at det måtte bli noko heseblesande opplegg! Eg kan gjere det viktigaste i jobben min berre eg har 4G og ein PC samtidig er ungane så store at dei ikkje treng meg kvar dag, og me har fantastisk hjelp i mine spreke foreldre som er pensjonistar! Til slutt har eg verdens snillaste fru!

Eg vil ikkje bli ein slik som berre snakkar om ting ein skulle ha gjort eller ting ein ikkje har tid til! Du veit ikkje om du blir pensjonist eller om du er i stand til å gjere slikt når den tid kjem! 

Men det mangla ikkje på argument for ikkje å ta ein slik tur heller, det beste argumentet er sjølvsagt at me ikkje har kunna gjort dette som ein familietur og dermed har eg vore borte frå ungane og fruen altfor lenge! Samtidig håpar eg ungane kan lære litt av dette også, uten å dra det for langt! Eg har jo ikkje akkurat vore på jordomseiling heller! Dessuten fekk me alle over 2 flott veker i lag i NordNorge og eg og den bedre halvdelen hadde ein super tur åleine frå Rørvik til Kabelvåg, inkludert Vestfjordseilasen!

Eg innser at appen eg har brukt å oppdatere bloggen med berre lagar image av bildene slik at ein ikkje får opp fullversjon av desse, eg vil så snart mulig fikse dette via PC, men det er mykje arbeid så det vil ta litt tid. Eg skal også lage ein video av alle dronefilmane og eg skal lage ei oppsummering så ein slepp å lese alle 61 innleggene;)

Tusen takk til alle som har fulgt bloggen på turen og ikkje minst til alle som har bidratt til at det blei mulig å gjennomføre!

Spesielt må eg takk pappa på 73 som har vore med i 3 veker, 2 veker opp til Rørvik og no 8 dagar ned igjen frå Rørvik! Han er den mest tolmodige mannen eg veit om, men eg trur han har hatt det fint km ombord også!

Mammo heime fortjener også ein stor takk som har bidratt med ungane i heile sommar!

Uansett er det min kjære fru som gjer at dette vart mulig, tusen, tusen takk:)

Foruten Trond og Ulf som også bidrog veldig bra som mannskap er det på sin plass og takke ein fantastisk arbeidsgivar som lett kunne sagt nei til bruk av 6 ferieveker og 2 avsapasseringsveker i ett!

Ja, det er rimelig tomt for proviant når frokosten er MrLee og kaffi! Til lunch har eg funne ein pakke med pannekaker me kan lage av vatn:) Hvis det røyner på har me nokre tørre pølsebrød igjen, men ingen pølser, hehe!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar