tirsdag 25. september 2018

Ny LitleFRI - Bavaria B/One

Ja, planen var sjølvsagt å vente med ny båt til FRI vart solgt, men når andre kom til og bøy prisen selger ville ha så kunne me ikkje vente lengre då me neppe kunne funne ein rimeligare båt lokalt som også er gøy å seile (les planer). Den er kjøpt av meg og Gerhard med 1/2 part kvar. 

Erstatning for FRI får vente til FRI er solgt, me tenker ein eller anna form for motorbåt. Største alternativ er NB820, men kanskje det endar med ein nyare og mindre skjærgårdsjeep av eit eller anna slag! Me har fått ein innbytte deal på ein veldig fin Finnmaster 7600. Den hadde passa oss fint, men eg held ein knapp på NB820 med utestyring, mykje større dekk og bedre overnattingsmuligheter. Den er dermed meir egna for fiske og hytte-transport (av og til er det greit å bu i båten når ein har felleseiged hytte:). Men det er suta laust å levere i innbytte også så me har ikkje bestemt oss. Med reint salg såtr ein fritt så det er 1. prio fortsatt:)

Det er uansett ikkje den store kostnaden, denne er ikkje egna for overnatting, heilt ribba innvendig og maks høyde inne er 80 cm:)

Målet er utelukkande regattaseiling lokalt. Båten er knapt brukt, håpet er at me får debutert i Windjammer. Det blir då i Tur klassen!

Det blir gøy med rein regattabåt, men eg ser allerede no at eg savnar komforten litt med kuling, regn og 5 grader når eg tenker på heimturen! Her må det til bedre seilklær ja!

Håpet er å få den ned til Stord kommande helg, men værmeldingane er ikkje gode for der...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar