søndag 18. november 2018

Første familietur!

Det er eit fantastisk høstver om dagen, så i dag fekk me vår første familietur med båten, med eldstemann ved roret...:)


Me fiska litt ved bruene, men utstyret må oppgraderast litt ser me:) Ingen fisk. Me svippa ein tur bortom Bømlo og inn i Røyksund-kanalen før me kosta heimover i 23 knop, 11 min så var med tilbake på Skjersholmane. Det er ikkje tvil om at rekkevidden for kveldsturar blir ein ny verden med denne båten!


Eg måtte sjekke ut fasilitetane, det er god plass til slike som meg her, trudde der vart for kort, men det var ingen problem, men smalt for to ja! Blir nok lite langtur, men greit å ha muligheten!

Satte på motorkassen i dag, eit skikkelig leamikk med 7 deler, men vel på plass var det ikkje tvil om at støynivået vart betraktelig betre, spes i lavare fart. Men også i marsjfart er det no behagelig. Ein kan føre ein vanlig samtale uten behov for å heve stemma eller snu seg mot den ein snakkar med, viktig for komforten ja:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar