fredag 12. april 2019

Vårpuss på "nybåten"

Valevågen Båtservice er eit lokalt firma beståande av eigaren sjølv. Dette firmaet er det vel verdt å framsnakke litt. Flink, rimelig og fleksibel. Eg har brukt han to gonger på seilbåten og det gode rykte viste seg å stemme 100%, makan til flink kar samtidig som han er rimelig og ikkje minst lokal!


Eg valgte delvis båt pga av dette firmaet, nyare båtar har mykje elektronikk i motorane og dermed trengs fort dyrt diagnoseutstyr og då må ein som oftast til forhandler. Det blir fort både langt å transportere båten og heilt andre timeprisar, men ikkje minst, det blir mykje styr!

Båtbytte var for å få eit enklare båtliv så først vurderte me ny eller nesten ny båt for å få garanti og sutalaust båtliv, men i båtverden viste det seg å være vanskeligere enn med bil. Me var veldig nære å kjøpe ein Jeanneau 795 frå Arendal, 5 mnd gml til veldig ok høstpris, men importøren her på veslandet viste til at dei tok ikkje garantisaker på desse båtane, i praksis måtte båten til Sørlandet om det var noko feil utanom motoren som Yamaha tar seg av. Då forsvann motivasjon vår for nyare båt, heilt ny vart altfor dyrt samtidig som 795en egentlig var litt for liten for oss, spesielt toalettet var kummerlig. Dessuten var prisen på NBen ganske ok ifht at me no ikkje har tenkt å bruke særlig mykje av ferien i båten.

Eg hadde kikka på NBen før seilbåten vart solgt og falt altså tilbake på den etter at me gav opp 795en. Eg hadde litt dialog på ein 820 med D4 motor som berre var gått 330 timar i Trondheim. Ein flott båt som også såg fin ut, men 200.000 dyrare og langt å transportere den samtidig som D motoren har denne berømte elektronikken og injektorer ++ av kjente problem.




Drevet ser ut til å være i meget bra stand, ingen spon på tappepluggen er bra og ingen slark eller rust på knute ved belgbytte så me håpar og trur på mange feilfrie år på motor og drev...

2. belg eg har fått bytta i år:) Vel, no er belgbytte på hekkaggregat noko heilt anna enn på seildrev. Men 2. kvart år må desse byttast og det er nok ei billig forsikring samtidig som ekspertisen veit kva dei skal sjå etter når ting er opna opp.


Kjempefin slipp der det var relativt greit å få lagt på bunnstoff...


Kjekt å få eldstemann med på båtpussen, etter 4 timar i Valevågen så var båten ferdig pussa, sink skifta, drev prima og bunnstoffa samt at båten ellers fekk eit strøk og båten vart vaska og polert. 4 timar er noko anna enn ei heile veke som det har vore før med seilbåten der alt vart gjort av oss sjølv.

Nei, dette var perfekt og eg trur nok det blir slik at me tar opp båten her kvart år så kan han sjå over drevet samtidig som me stoffer og polerer. Denne gangen gjekk eg båten over mandag kveld, tirsdag var eg bortreist, onsdag ettermiddag tok me 4 timar båtpuss og torsdag henta eg båten.

Det var også kjekt å få gått over båten skikkelig, til og med den sindige mekanikkeren syns båt, motor og drev ser imponerande velholdt ut, 16 år gml så byrjar ein verkelig å sjå forskjell på dei båtane som er godt holdt og dei som har vore "bruksbåt". Skroget ser ut som nytt og det er ikkje tull ein gong og det samme gjeld motoren. Det var litt laus lakk framme ved sjøvannsfilteret der det tydeligvis hadde lekkt litt over tid, men også det var lett å få fiksa her. Her har han grunning og lakk klar så eg trur ikkje det hadde blitt noko billigare om eg sjølv skulle kjøpe lakk og styrt med dette...

Nei, no kan sesongen starta sjølv om me har hatt mange turar allerede så er det liksom etter påske at det er skikkelig seong. Pga sein påske og lite snø på fjellet så blir det nok eit par dagar i båten i slutten av påsken, sikkert i Eggøyo...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar