lørdag 7. mars 2020

Båtbytte


"Tre-fot sykjo" er farlige greier. Ein av fordelane ved å legge båten på finn.no er at ei må få fingeren ut å fikse desse småtingene som alltid er på ein båt. Heilt sidan me fekk båten har det vore ein liten, men ekstremt irriterande lekkasje i hardtoppen. Plata over vinduene i salongen var heilt ødelagt og eg laga derfor ny, men lekkasjen var lei å finne ut av, først i høst klarte eg å lokalisere den til "innvendig" i lyskasteren. Eg har gått over alt på hardtoppen fleire gonger, inkludert hatt av lyskasteren, men det hjalp ikkje når det viste seg at lekkasjen var gjennom ledningene inne i lyskasteren. Til våren går lyskasteren i bosset og det kjem ikkje opp noko ny, behovet er lite og eg har lært no at desse er utsatt for lekkasje.

https://www.finn.no/boat/forsale/ad.html?finnkode=170363884

No er lyskasteren dekka forsvarlig til med 3 plastposer og det har vært potte tett i hele vinter så no tar eg sjansen på å skru opp plata igjen. I dag vart den tilpassa ferdig og trekt på nytt. Eit par skruar så er alt tilbake. Neste prosjekt er å få liv i lysene igjen. Eg gjekk til innkjøpt av nye straumsparande LED lys med dimmar, men desse er sjølvsagt 2 polt opplegg på noko som gjer at det må koble ganske mykje om så muliges sett eg berre tilbake halogen lysene og den gamle dimmaren igjen. Straum er det nok av uansett. Når dette også er ferdig så er det fint lite som ikkje er på stell:)

Kvifor me så vurderer å oppgradere ein så fin båten som 820en? Eg må innrømme at det er primært mitt ønske og eg har egentlig ingen veldig rasjonell grunn. Båten me har dekkar dei fleste behovene våre feldig fint allerede, den er rimelig både i innkjøp og drift. Ein større båt har sjølvsagt enda meir komfort, men kostar vesentlig meir i innkjøp og drift. Verdifallet blir nødvendigvis større også.

Me kjenner jo også 820 veldig godt sidan svigers har hatt ein slik i 9 år, me kjøpte den til dei her på vestlandet og hadde den ein mnds tid før den vart sendt nordover, eg hugsar godt at eg vart imponert over kvalitetsfølelsen ombord i den. Vår er no 17 år gamal og sjølv om dette er eit veldig flott eksemplar som er tatt ekstremt godt vare på så ser eg at byggkvaliteten er veldig god, gelcoate og innredning f.eks held seg veldig mykje bedre enn f.eks Hanse seilbåten vår gjorde og mange blir forundra når eg seier at båten snart er 20 år!

https://www.finn.no/boat/forsale/ad.html?finnkode=170363884

http://bjoris.blogspot.com/2011/10/

Me ser derfor etter ei ny NB, det blir ein 870, 32 hadde vore draumen, men den er svært kostbar ifht 870en og det er vesentlig fleire 870ar for salg også. Prisane på desse har falt ein del siste året og eg syns derfor at mellomlegget opp ikkje lenger er heilt håplaust, sjølv om me fort må doble investeringa. Samtidig vil me då få ein ca 7 år nyare båt, utan at det egentlig er noko stort poeng om ei finn ein godt vedlikeholdt ein. Det er iallefall ei forutsetning for å la 820en gå for det skal godt gjerast å finne ein så fin 820 som me har igjen, mykje skryt, men denne båten må berre sjåast.

Dei som har sett på båten har også bekrefta dette, alderen tatt i betraktning så er den imponerande fin.

Det eg spesielt likar med 870en er den flotte salongen med stor buesofa som ei kan legge seg ned på, eg er elendig på å sitte oppreist utover kvelden. Me ser også kun etter 870 med salong ute, det er prikken over ien. Den vesentlig større plassen og ikkje minst stikk-lugaren gjer at med denne kan me også invitere med eit vennepar på helgetur noko 820en blir for liten til. Også når me er 3 så vil 870en vere fin sidan me i 820 har valgt å reie opp i salongen då, noko ei slepp i 870en. No er det 3 køyer framme i 820 også så det er meir fordi ei av oss er i største laget;)

Eg merkar også at 870en naturlig nok beveger seg roligare i sjøen enn 820, dette er jo naturlig pga meir vekt og bredde. Heilt utpå kysten kan det fort bli kuling og sjølv om 820en klarar seg fint vil ein 870 tåle meir sjø før det blir ubehagelig enn ein 820, så argument er det jo lett å finne om ein har lyst til å bytte båt:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar