onsdag 27. mai 2020

Årets 2. Tirsdagsseilas!

Med gode meldinger og båten klar skal det mykje til at me ikkje stiller på Tirsdagsseilasen!



Vèret var ikkje så bra når me kom i havna, skodd og yr i lufta. Eg lot derfor solbriller og caps ligge igjen i NBen som fungerer som garderobe på Tirsdagsseilasane, det skulle vise seg å vere ein tabbe for det vart flott ver med sol, full dress med ull under vart ganske så varmt i periodar! Planeten blir jo veldig lett grilla av sola så caps og høg solfaktor er eit must.

Starten gjekk under Bømlabruo i null vind, under slike forhold veit me at me slit med berre 10 meter rigg, det kan bli slik at dei større båtane fanger vind høgare oppe og kjem avgårde. Motsatt kan me komme oss avgårde i veldig lett vind, det var håpet, men  slik vart det ikkje denne gangen.

SeaGirl gjekk først og så Mojo, Lyra fekk også vind nokre minutt før me kom i gang, men det er berre å seile å sjå kva som skjer under slilke forhold, ting endrar seg fort. Me valgte også å gå ut på andre sida av dei andre, kanskje var det ein tabbe, kanskje var det vind høgare oppe som gjorde at dei gjekk og ikke me...

Det såg lenge dårlig ut, men utover mot leia kom me såvidt forbi Lyra og tok kraftig innpå SeaGirl og Mojo ved runding Risholmen, litt klur å komme rundt øya i vindstille uten særlig sig, men det gjekk uten for mykje tap. Opp med gennaker og 5.5 knop i knapy 3-4 knops vind er digg og vår styrke, no varte det ikkje mange minuttene, før den måtte ned, men nok til å ta igjen det tapte rundt øya, eit heldig slag mot sør før Litle Hestholmen der det vart avkorting gjorde at me sneik oss rett før Lyra i mål og kom før Mojo på korrigert tid, 2. plass av 4 er heilt godkjent!

Flott seilas heim igjen, då såg me 8 tallet på loggen på ein skarp slør





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar