lørdag 23. mai 2020

LitleFRI - Sportsbåten vår:)

Det er alltid noko eget med årets første seiltur, no hadde eg vore utpå tidligare i år med ein anna båt, men utrulig kjekt å endelig vere klar til regatta igjen, med egen båt! 

Eg har ikkje brukt bloggen så mykje til LitleFRI, men tenker å gjere det framover då det er kjekt å sitte i mørke vinterkveldar og mimre tilbake på kva ei har gjort på sjøen tidlegare:)


Me seiler ein Bavaira B/One, eg eig 50% av den, ei veldig god løysing på ein regatta båt, halvparten av investeringen og driftsutgiftene samtidig som ein har ein dedikert medseiler! Gerhard er min makker, den perfekte mann å eige båt med. Alltid optimist og positiv, viktig for ein som meg, som har ein tendens til å bekymre meg litt før det er nødvendig:)

Vel, båten vår er en 2013 modell med racingseil (epex laminat og stor gennaker), typen vart berre produsert i 2012-2014 som ein OD, OneDesign. Det var eit prosjekt ikkje styret i Bavaria kjende til iflg ryktene og dei la ned satsninga i 2014. Veldig synd for dette er ein utrulig artig båt, spesielt om ein ser prisen. Ny kosta den berre 250.000. Både Melges og J/70 er fort det dobbel av denne. Melges er mykje raskere, men det gjenspeiles også i ratingen så denne båt kan hevde seg!


Sportsbåt - er det forklaringa på alt?

Svaret på dette spørsmålet meinar eg er både ja og nei. Det vil vere forhold der vår båt er så favorisert at ein ordinær turbåt ikkje kan hevde seg etter rating. Det vil naturligvis også vere forhold der det er motsatt. I dag er dei fleste båtar som seiler regatta ikkje i kategorien Sportsbåt og det har gjennom årene vore høglytte diskusjoner om "Sportsbåtar" skal ha egen klassar. Egen klasse høyres smart ut, eg har vore opptatt av dette både før og etter eg sjølv fekk meg ein Sportsbåt. Problemet er berre at det er få båtar som kjem i desse klassane og kven vil seile mot 40 andre båtar om du kjem i klasse med berre ein eller 2 båtar...

Eg trur uansett dette er vegen å gå, ein kan håpe på at det kjem fleire båtar i denne kategorien om det blir egen klasse, samtidig må det vere eit krav til minimum antall båtar. Melges gjengen trur eg er ferdig med å stille i ordinære NOR-Rating klassar, dei har fått sin del av pepper for å stille opp. Det å utelate så mange båtar frå å stille er ikkje bra i ein sport der deltakelsen går nedover år for år.

Det dumme med dette Sportbåt fenomenet er jo at båten blir forklaringa kvar gong du vinn og mannskapet blir forklaringa kvar gong du ikkje vinn. Sannheten er jo sjølvsagt at du må seile ein slik båt veldig bra for å lykkast og ha gode forhold. Det er små feil som skal til før den ikkje går i heile tatt. Det faktum at ein slik båt er topp rigga for regatta kvar gong, i motsetning til dei fleste andre "ikkje sportsbåtar" som dreg på mykje unødvendig vekt som er vanskelig å ta "ut og inn" for kvar regatta, kjem sjeldan fram. Det er muligheten for å plane som blir fremheva, men eg meinar at det ikkje er den fremste fordelen med ein slik båt, iallefall ikkje vår.

Eg syns det er ein mykje større fordel at båten er ready to go, den er enkel og det er lett å få trimmen til å sitte (heilt til du må sleppe på skjøte sidan me verken har løygang eller akterstag, då mister me spenningen i forstaget). Det at båten er liten gjer den svært manøvrerbar på startlinja og det er raskt å hive opp og ned gennaker ifht på større båtar. Det at båten er ein rein regattabåt gjer at den også går høgt på kryss, det er utrulig viktig og me ser at til tross for mykje lågare båtfart på kryss, spesielt når det er litt sjø så mister me mindre avstand til dei store båtane enn ein skulle tru. Ein reindyrka regattabåt seiler naturlig nok mykje lettare opp til ratinga si enn ein ikkje optimalisert turbåt.

Vel, tilbake til første regatta 2020, me var så heldige å få med oss kvar vår ungdom. Det var stor stas då me verkelig treng rekruttering og ellers er det jo veldig kjekt å kunne gjere noko saman med ungane. Seilinga krasjer sjølvsagt med håndball så når kneet er bra igjen for min kar så blir det nok berre meg frå vår grein, men veldig stas at han vart med og syns det var gøy og spennande. Igjen trur eg båtvalget er rett, dette er ein gøy båt å seile, det er action og spenning og hardt arbeid på kryss.





Sidan det var første gang dei var med og me ikkje hadde fått trimma inn riggen lot me, som dei fleste andre, gennakeren ligge, likevel var me 2. båt ved runding (rett føre dei andre) og eit stykke bak Lyra (Hanse 430) og igjen ser eg at det å seile gennaker med vinden direkte i ryggen nok neppe ville utgjort stor forskjell for oss. Me skar akkurat så fokka drog, umulig å spri den med nok effekt i meir enn 20-30 sekund om gangen.

Kryssen tilbake i halvmeter sjø og 6-8 ms såg me for oss at me kom til å miste mange minuttar på, og havne langt nedover på lista. Me hadde studert Gribfilene på yr.no og visste det var mindre vind lengre nord og at strømmen gjekk utover, sterkast mot Tittelsnes. I motsetning til alle (utenom Mojo) gjekk me derfor mot nord lengre enn dei andre (me var nok dei einaste som villa ha mindre vind). Når me såg kor mykje straumen tok dei føre oss, valgte me å slå igjen og krysse enda lengre nord, heilt opp i fergeleia mot Eldøytåa, derfra og inn fekk me både lift og ingen strøm. Det vart jokeren i denne regattaen for oss, då dette medførte ein vesentlig kortare utseilt distansen. Me tok 1. plassen nesten 4 min før neste på korrigert tid. 3. båt i mål, etter Mojo og Silje, men føre Lyra...

Alt hang og slang på kryss så her må det til justering av rigg før nesten seilas. Stord Shorthanded som går 23. mai skulle me vere med på, men 8-10 ms med kast opp mot 15-20 ms gjorde det heilt uaktuelt...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar