søndag 13. desember 2020

Overnatting i båten - 1. søndag i advent

 Me har fått oss heilårsbåt og det har me tenkt å nytte oss av. Iallefall nokon av oss i familien. Det er utrulig fint på sjøen om vinteren, men med seilbåten har det blitt for mye styr og slittasje å ha på seil og ha båten seilklar, men motorbåtane ligg på sjø heile året her vestpå og ingenting er bedre enn å bruke båtane jenvlig.

Når fjellturen vart avlyst kasta derfor eg og yngstemann oss i båten og gjekk til Sæbøvik på Halsnøy. Der har me ikkje vore etter at det kom ei flott gjesthavn. Raskt svar på Facebook sida fekk med om at det var straum, men ikkje vatn. Eg hadde tømte tanken for vatn i båten, men heldigvis var ikkje vatnet stengt for vinteren i havna så me fekk fylt på litt og la avgårde. 





Kjempeflott ver lørdag og rett før det vart mørkt seig me inn i havna på Sæbøvik, naturlig nok som einaste gjest. Middag kjøpte meg på Siris Taimat og med god varme i båten og Maskorama på TVen og Clive Cussler bok vart dette eit fint avbrudd frå kvardagen. Yngstemann elskar å overnatte i båt, planen var at me skulle fiske på tur heim, men da hadde det tatt seg opp til 8-10 ms sørlig og dermed bare det rett over fjorden med sjøen på låringa. Eg har ikkje fått prøvd 870en i nok særlig sjø enda, men eg syns den imponerte i den rotete sjøen over til Skjersholmane, mykje straumsjø, men me holdt jevnt 16-17 knop med god sjø på låringa uten at me ein gong måtte ned i fart! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar