Rederiet har fått enda eit skip i flåten, ein Uttern D68.
Kvifor i allverden enda ein båt? Ja, det er eit legitimt spørsmål. Meste fordi eg syns det er gøy og planen for denne båten er at eg og ungdommen skal shine den opp og selge til våren. Om det blir nok penger til dekning av arbeidstimar vil tida vise, for me ser allerede at tusenlappane flyg fort når ein byrjar å ta tak i alt.
Før kjøp fekk me motor og drev undersøkt på verksted og det så overraskande bra ut. Sjølv om båten har lagt ubrukt i 2 år, var det fortsatt bra med sink igjen på drevet og absolutt ingen tegn til tæring eller anna. Olje i drevet var uten vatn og det samme gjaldt belgen. Alt vart sjølvsagt bytta når me hadde den oppe. Me har også skifta kjølevatn, sinkar og olje/alle filter på motor (diesel grov og fint) samt sjølvsagt oljefilter.
Planen videre no er å få den på land og byrjar shining av skrog, det er blått og dermed matt som alle andre båtar med blåeskrog som ikkje er fulgt opp nøye. Det blir interessant å sjå om me får dette fint, me har brukt ein god del reasearch no for å forstå kva som må til for å bli kvitt oksidering og få fram den fine glansen igjen. Bra det ikkje er så stor båt:)
Videre er det kalejsen som vil koste mest penger, ny kostar 25-26.000, men den som er på båten er av nyare dato og eg har funne ut at desse hra eit problem pga dei store vinduene, vinduer trekker seg saman og dermed får ein ikkje kalesjen på skikkelig lengre. Eg tenker at denne kan fiksast, men det går nok 10.000 lappar på det, men stoffet ser så bra ut at det tenker eg er rett å gjere i dette tilfellet. Sjokkert over pris for ny, gav 23.000 for NBen som har mykje større kalesje enn denne, men ja, eg har sjakka mange plasser og prisane er dei same hos alle, skal gå opp over nytt år i tillegg...
Vel, neste prosjekt er å få båten på land, lagt presenning over og tatt av kalesjen så fiks av den kan starte. Stolane skal heim for rens og impregnering med farge så får me sjå om det blir bra, tenker det er tull å bruke 10-13.000 på nye stolar/trekke dei om når dei berre er falma, men her får me sjå. Gøy å lære nye ting, me har jo litt stygge puter på NBen ute så erfaringen her blir god å ha når me skal få shina den opp også i løpet av vinteren...
Ja, som om ein ikkje har nok å gjere på så gjekk me hen å kjøpte ein båt for oppussing og videresalg til våre …
Trist når så fine båtar berre blir liggande og kan det gi nokre kroner til arbeidet for ungdommen så er det flott, men langt frå sikkert.
Båten er ein Uttern D68 2006 modell med 2.8 Mercruiser 200 hk. Kun gått 400 timer.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar