Destinasjon: Fjeldberg/Mjåneset/Sæverhagen
Distanse: 21.2 nmil
Timetal: 1230-1232 hours
Kvinnedagen gjekk med til å legge ut flytebryggene i Eggøya. Paddeflatt hav i mars er sjeldent. Alt e enklare når det er fint ver så det var smart for nytte høve. Allerede neste helg er det finverog muligens helgetur utover!
Vel heime såg eg at tross pissregn så skulle søndagen bli veldig fin med 12 grader og sol. Når båten no er klar for sommaren er det ekstra kjekt å bruke den også! Seint lørdag kveld stakk eg derfor avgårde til Fjelberg med mål om Borgunnuten søndag morgon!
Eg satte meg eit mål om under timen opp dei 462 høgdemethane til topps, eg ante ikkje om det kunne gå, men 58:50 var eg oppe, fullstendig utslitt. Tyngre opp enn eg hugsa, men herleg tur i fantastisk ver.
Høg puls for èin 53 åring, men det er ikkje noko nytt, det skal vere eit godt teikn har eg høyrt frå èin hjertelege så ikkje noko å bekymre seg for.
Litt kvile på Mjåneset gjorde godt, me prøver å halde på årets store mål å verkelig gjere èin innsats med kostholdet så sjokoladen er f.eks. bytta ut med blåbær og kaffi med sukkerfri vaniljesaus.
Siste prosjekt for dagen er å prøve den fiksa kalesjen på oppussingsprosjektet på båten, jysla mange bøyler og styr på den kalesjen…
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar