lørdag 14. juni 2025

Til Haugesund i Sølvbryllupsfest

Tur: Røyksund, Kulleseid og vestom til Haugesund.

Distanse: 65 nmil

Motortimer: 1278

Fantastisk ver fredag og lørdag gjorde at det vart for fristande å enda èin gong ta båten til Haugesund.

Fredagen gjekk turen berre til Røyksundkanalen. Fruen var på arrangement med jobben og mønstra på rundt lunch lørdag. Fredagen var eg derfor på sjølvstyr, dermed vart det èin ny sykkel-og fjelltur. Siggjo igjen, men denne gongen frå austsida med alle sjerpatrappene, utrulig flott!

Tilbake i båten vart det èin velfortjent burger, før eg gav meg i kast med Agnes Ravatn si «gjestane».

Røyksundkanalen har fine brygger så èin ligg godt, men der er verken straum eller vatn, 200 i havneavgift er nok då syns eg.

Rundt 12 var madammen om bord og me la avgård gjennom kanalane og så la me vestover. Dette vert sjølvsagt ganske mykje lengre enn rett sørover, men kjekt med ein vri. Første stopp var Løklingholmen, eg såg for meg at den var større…

Deretter gjekk me rett sør, Sletto låg som eit speil, midtfjords dusja me på akterplattformen og var klare til fest. Savnet etter èin båt med dusj innvendig er der jo alltid, slik me hadde i seilbåten!

Vel, mykje fart i Haugesund, me fekk plass ved flytebryggene og festen var godt i gong når me kom kl 15, men dette var mest grunna eit båtrace, etter det roa det seg og me hadde venner om bord før me tok taxi til sølvbryllupet!

Søndagen vart tilbrakt med svigers, alltid noko å fikse i huset. Kl 19 la me avgård, første stopp Apollo for å fylle diesel (ja, der det er så dyrt), men denne gongen var anlegget nede for telling etter at dei fekk nye pumper på fredag. Me kom i èin skvis for med litt sjø på Sletto vil du ha godt fylt opp på tanken, med halv tanke valgte å gå over og fylle på Langevåg, Dyrt var der også, 17 kroner pr liter, sjukt når eh fylte for 13,80 på torsdag.

Grått på returen med 11 m/s i hekken og bølger på skrått bakfra, Det er under slike forhold du kjenner at dette er èin skikkelig god sjøbåt, gjekk 16 knop og auka til 19 etter Langevåg.

Litt stress vart det når me midt på Sletto får alarm på vatn i kjølen. Sånt må èin jo sjekke sjølv om eg var ganske sikkerm på at dette kom frå lekkasjen med har i dusjen bak.

Siste strekke gjekk i kraft med straum før me klappa til kai litt før 2045.

Nok èin flott tur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar