Værmeldingane for Romjula har skifta fleire gonger så Bergenturen me har tenk på heilt sidan me valgte å leige ut leiligheten på fjellet har vore usikker heilt fram til i går.
Men søndag 28.12 vart oppmed gode forhold, me la ut kl 12 og fortøydde ved Marineholmen i Laksevåg kl 15. Flott tur, litt sjø i starten, men så vart det lange strekk med havblikk og berre bølger etter båtar.






Natt og dag å ligge på Marineholmen versus på bryggen så sjølv om det er lengre til sentrum så går me alltid her.
Avslapping i båten i dag, med bok, film og enda ein runde med pinnekjøtt, fint å få litt åleinetid etter jula med mykje kjekk familie tid.
Planen er å gå heim på nyttårsafta, kanskje får me besøk 30.12 når me var tenkt oss i Nordnes sjøbad som også er ein favoritt-aktivitet når me er i byn...
Etter 3 dagar i Bergen med fottur til Fløyen, kino, Stand-up show på Lille Ole Bull, litt restaurant og div lesing og film i båten fulgte me planen og la ut frå Marineholmen kl 1030 ish på Nyttårsafta. Einaste som va skuff var at Nordnes Sjøbad var stengt i Romjula...

Første stopp var Hjellestad for dieselfylling. Alltid billig her, 14,79 var det også når me kom frå Nord Norge med båten. 15,49 fylte me for før me drog frå Stord så litt billigare, men ikkje så stor forskjell som før.


1-2 grader, men lunt og godt inne, lite vind sørover og kl 1330 klappa me til kai heime. Flott tur, kjekt å bruke båten heile året.
Enkelt kan hevde at det går mykje diesel, men mange gløymer at du skal ikkje reise lang med fly før fotavtrykket blir verre. 250 liter på 95 nmil med 15-20 liter til dieselvarmaren er jo mykje diesel, men til å leve med, det blir ikkje mange 100 nmil ellers, utanom ferien...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar