søndag 3. mai 2026

1. mai tur

​1. mai varta opp med sol og varme!  Endeleg tid for båt, etter mykje fiks og skruing var det kjekt å endeleg å klargjere båten for tur!


Seint torsdag la me kursen mot Uskedalen i 7 knop, med musikk og kos. Ingen hast. Me gav på siste nautiske slik at motoren fekk jobba litt og klappa til kai i det sola gjekk ned og vips så vart det både kaldt og litt vind. Det er unektelig enklare med hekktrøster. Med longside fortøying i fralandsvind er det gull med fjernkontrollen rundt halsen. Det som før krevde planlegging og raske hender, kan no tas i kvilepuls uten å piske mannskapet rundt...

Fredag 1. mai var satt av til trimpoeng i Sunnhordlandstrimmen, målet var Mannsvatn, 560 moh og ca 4 km kvar veg. Ei god økt!


Me var frista av saunaen i Uskedalen, men me seig i samen i båten når me kom ned så det får me ha til gode

1. mai vart varm, men det vart også mykje vind på ettermiddagen. Pizza steiking i gassovnen vart utfordrande når ovnen blås ut til stadighet, men me vart ferdige til slutt og det smakte om mulig enda betre enn vanleg....


Lørdagen gjekk med til Husnes og tok med oss litt butikkliv og jammen vart det ikkje pizza denne kvelden også:)

På veg til Husnes seig me gjennom Herøysund, koslig plass med gjesteplassar og ei lita badestrand


Enda ein kjekk tur!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar