Denne forsommaren har gitt oss lite finver så når det endeleg kjem nokre sommardagar hiv me oss rundt. Det vart derfor ein ny tur til Kolsøya i dag, mandag 15. juni.
På veg over fjorden kom denne kolossen kom i mot oss ved Huglehammaren. Tenker det er kjekkare i egen båt enn i ei slik maurtue...


Søndag målte eg 15,3 grader på Kolsøya og i dag var det 16,7 grader! Me hadde planlagt å bade i 15 grader så 16,7 var rein luksus. Det var såpass at ein kunne puste og snakke normalt når ein kom til overflata igjen... då e da sommar temp i sjøen:)
Eg kom på at eg tok bilder av 870en i fjor på samme stad, så her er bildene av 870en og 32en, for anker på samme plass på Kolsøya.... Det er berre eit år mellom desse båtane, men 870en vart skapt i ca 1997 som 8700 som utvendig er nesten lik som 870, 32en vart lansert i 2011 så noko har skjedd med design på desse årene, sjølv om også 32en må seiast å vere traust designmessig.
Mykje viktigare for oss er at 32en er vesentlig meir komfortabel som turbåt, men den er også mykje dyrare og brukar også merkmart meir drivstoff så alt har sin pris. 870en er også ein utrulig bra båt.

Damn good looking!



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar