onsdag 29. juli 2026

Sommerferien 2026 - Dag 2

​I dag fann me ut at me ville stikke innom Taraldsøy, rett før Skånevik. Gått forbi mange gonger, men aldri gått forbi Friområdene der.

Først måtte me handle litt hos Fossen på Fjelberg...


Berre ein båt dukka opp utanom oss, den var på dagstur med 3 generasjonar. Her vart det litt action når mlnste mann datt på sjøen medan han fiska. Då kom vesten godt med, eg fekk tak i han og drog han opp på kaien etter håndtaket i vesten. 1. generasjon fann det sikrast og hoppe etter den håpefulle, men ja, det var vesentlig enklare å stå på kaien enn å ligge uti...

På kvelden gjekk me stien rundt øya, tydeleg at denne øya er lite brukt sv båtfolk, me sleit oss gjennom krat og høgt ålagras. Stien var det svært lite igjen av. Sjølv med tette kler fekk me flått som plukka av.

Søkkblaute av svette bada me frå båten, 18,5 grader er godkjent.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar