lørdag 8. august 2026

Sommarferien 2026 - Dag 12 - Langevåg

Ein fint båttur med ok ver går mot sin slutt.  Det er laurdag og jobben kallar mandag. Men sidan ungdommen har fest heime stoppar me på Langevåg, Bømlo på det siste strekket.

Me gjekk oppover til Haugesund på innsida av Karmøya pga vind på starten av dagen og ein lunch-avtale med svigermor. Me fekk plass i gjestehavna, og hadde nokre trivelege timar før me la i veg over Sletta. 

Me forstod fort at det var kamp om plassane i Haugesund før Sildajazzen. Ein kar med seilbåt passa på å fortelle dei som prøvde seg at det var reserverte der han ville ha kompisen sin båt:) Eg måtte spørje om det gjekk ann å reservere, men han smilt og sa at du kunne bestille plass, men du fekk ikkje tildelt noko eksakt plass så litt mafia her altså... Hadde ikkje orka å lagt der med båt uansett...

Sletto gav oss 1 meter dønning og litt under vanleg marsjfart, ca 14-15 knop var passe. Uten tvil svært god i sjøen denne båten, berre den har litt fart.

Dyrnes fyr står på lista over Trimpoeng som me tar me oss og som får oss i litt aktivitiet. Me sykla først til Skipavik frå Langevåg, ca 20 min med ein mørdarbakke i starten så ca 30 min å gå ut. Periodevis øspøs sjølvsagt så med søkkblaut shjorts ankom me Dyrnes fyr. 

Barnebursdag kl. 14 var ikkje årsaken til at me snudde fort, veret innbøy ikkje til å sette seg ned å nyte utsikten, slik den gjorde sist me var der.

Me gjekk tilbake, sykla til båten og då var det berre å innsjå at også årets båttur var over. 1 time igjen i litt medstrøm slik at me såg 18 tallet på loggen var ikkje feil...



Laurdag kveld og ingenting er som egen steikt pizza i båten, herlighet så godt da e:)


Sauna har blitt populært, me orka ikkje denne gongen, men flott tilbud



Ikkje alle som er ute med båten kvart år ser eg... Trist syn

Oppsummering:

Som på MC vart også båtferien noko prega av veret, men siste del sørover var ok og me fekk tross alt greit nok ver på første del også, med unntak av helga på Austevoll, men då hadde me gode venner med, men tenk Palepop i nydelig ver på Stolmen, det hadde vore magisk. Me kryssar fingrane for neste år.

Fasit vart faktisk 250 nmil og 508 liter diesel, rundt 2 liter pr nmil og i under kant av 10.000 i diesel for 2 veker er ikkje verst. No er det jo slik at det er sakte kjøringa som gjer at me havna på eit slikt snitt. I fart går det mykje, fort 2,8 pr nmil. Det syns eg er mykje, no er det kanskje litt groe og den blir jo meir lasta sjøl om det berre er oss to, men det blir spanande å sjå no som me tenker å skremme ut litt meir hestekrefter og ikkje minst 100 nm meir moment ut av motoren. Heldigvis er motoren ein nedskalert 370 hk så å ta den opp frå 320 til 370 skal vere heilt uproblematisk. Det tas også meir ut av 370 motoren, men det har eg ikkje tenkt å prøve ... 

Vel, mykje meir info om dette kjem nok utover høsten...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar