lørdag 4. november 2000

Albin Cirrus 26 - Ingen kan trenge større båt enn dette...

Etter å ha sett på litt forskjellig, blant anna Happy 27 falt vår elsk på Albin Cirrus. Den var alt det H-båten ikkje var, djup cockpit, solid rigg og god plass nede, nesten ståhøgde.

Me fant eit flott eksemplar i Halden, betalte 120.000 for båten. Heimturen vart pappa med på, 15 ms visste me at var mykje, men det var denne helga me hadde til å få den frå Halden og heim. Turen gjekk fint, eg hugsar me oppdaga at ein at motorlabbane hadde røke, då var det godt å ha pappa med som laga til eit tau frå motorfeste og opp ein ein vinsj. Slik kunne me stramme akkurat til det nivået at motoren stod bein.

Vel heime falt dei berømte ord når eg og June låg på kvar vår benk i salongen. "Ingen kan vel trenge ein større båt enn dette...". Mja, allerede på jomfruturen oppdaga me det litt upraktiske med at toalettet var under puta i forpiggen, ja så når ein måtte på do å gjere stort måtte den andre stå opp og vente i salongen, hehe. 

Cirrusen tok oss både til Sørlandet og Svenskekysten og var flittig brukt, me flytta i hus utanfor Asker og fekk båtplass på Nærsnes. Typisk var det å seile til Horten fredag kveld så nedover til Tønnsberg før me måtte snu og seile heim søndag. Heldigvis er det ofte sønnavind så det vart mange spinnakerseilaser nordover på søndagane.

Båten hadde me heilt til Amund vart fødd, men då kom kravet om meir fart og meir komfort. 7,5 hk Volvoen i Cirrusen var ein prøvelse når du skulle utover fjorden i motstrøm, då var det ikkje mykje framdrift så i 2004 stod eit nytt kapittel klart, motorbåt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar