lørdag 4. november 2000

H-Båt!

Askeladden måtte selges pga studier, men det var heile tida klart at ny båt skulle eg ha så snart eg kom meg i jobb. Som ferdig utdanna Siviløkonom frå Bodø enda eg opp i Oslo. Der vart det fort klart for meg at måten eg hadde brukt båt før ikkje passa så godt. Eg er født og oppvokst i motorbåt og dei brukes jo til og frå plassar, men i Oslofjorden er det naturlige å ta ein tur på fjorden og så gå tilbake etter nokre timar. Utan å legge til. Det er jo plassar å legge til, men langt fleire båtar og også eit bedre klima til berre å seile rundt. 

Dermed vart det klart at det måtte bli ein seilbåt. Første jula eg var heime dukka H-båten til Leif Rune opp, eg falt pladask og etter knallharde forhandlingar fekk eg pruta den ned frå 45.000 til 40.000! På vårparten ordna Leif Rune med transport og båten vart sjøsatt i Asker. Båtplass var ordna på Hovedøya. Eg hugsar enda at eg sykla frå Oslo til Asker for å ta båten til heime havna. Riggen låg på dekk.

Det var mange kjekke turar med den båten i Oslo-fjorden. Som nyutdanna hadde eg mange studievenner og nye kollegare på min egen alder som fekk vere med å seile. Det var også her eg inviterte June til første date, seiltur med mat på restauraten på Hovedøya var det ikkje mange som kunne matche:) Åpenbart ein suksess når eg no ser tilbake. Det er ganske nøyaktig 28 år sidan!

Etter at eg og June vart eit par så vart det lengre turar, den lengst var til Koster ein sommar. På veg heim skulle me ankre opp på Hvaler, i det såkalla fredagshølet. Det gjekk ikkje betre enn at June ramla på sjøen i eit heltemodig forsøk på å hoppe på land, berre for å oppdage at svaberget var såpe-glatt, ho sklei uti og håpa ingen hadde sett det... Dessverre så kom det springande folk til frå alla kantar for å hjelpe til:)

På veg heim til Oslo fekk me dårleg ver og det var vel då ideen om litt større båt. 

Utover hausten vart båten annonsert, me fekk 50.000 for båten, men det hadde også gått mange timar til å fikse plastpesten med WestSystem så eg syns eg hadde fortjent den gevinsten!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar