Båt er ein stor lidenskap og heile bloggen er nettopp ei loggbok for meg sjølv, eg har valgt å ha den open for alle. Eg anar ikkje kven andre enn mor mi som les det eg skriv, men det er ikkje viktig heller. Hvis nokon har har nytte av det eller syns det er kjekt å lese så er det godt nok for meg:)
I "Båt oversikten" har eg ikkje fokusert på kva som er bra og dårleg med dei enkelte båtane. Målet var å ha skrive ned "historien" om alle båtane opp gjennom tidene og finne fram gamle bilder for ettertida. I kalde vinterstunder hender det eg blar tilbake og eg ser at jo lengre tilbake jo kjekkare er det å sjå, det er jo vår "hyttebok" dette.
Her skal eg gjere unntaket frå regelen og nettopp gå inn på detaljar på produktet. Det er vel mest fordi eg har tenkt veldig mykje på dette før kjøpet og treng å forsvaret investeringa:) Ser ikkje bort frå det...
NB 32 Ardea
NB Marine utvikla 32 fotaren og lanserte den i forbindelse med sitt 25 års jubileum. Ulykkelegvis varte ikkje NB Marine så mykje lengre, i 2013 gjekk dei konkurs. Eg kan ikkje noko om historia bak, om det er var utviklingskostnader på 32 fotaren som knekte dei veit eg ikkje, men eg har høyrt om folk som hadde 32 i bestilling når dei gjekk konkurs så utan arbeid var dei ikkje...
32 fotaren vart lansert i 2011, produsert i ca 50 eksemplarar (etter det eg har høyrt) før det var slutt ved NB Marine. Som ein vil sjå nedover så syns eg NB Marine har gjort veldig mykje bra i utviklinga av 32 fotaren. Det at Skorgenes har tatt opp at produksjonen tyder vel på at markedet er enig. Dette er jo likevel åpenbart ikkje båten for dei som skal ha siste skrik på båtfronten, men for dei som brukar båten aktivt og har brukt båt over lang tid er det mange ting her som viser at dei som har utvikla båten, veit eit og anna om kva som er viktig i ein fleirbruksbåt.
Skorgenes Ardea 32
Sammenligning
UTVENDIG
- Større og" reinare" badeplattform
Me var aldri misnøgd med badeplattforma på 870en som hadde den forlenga versjonen som er svært nødvendig for å kunne gå ombord via badeplattform. 32en har likevel ei betre løysing der det ikkje er ankarboks i vegen. På vår legg det seg dog litt vatn inn mot akterspeilet, om det er typisk alle 32 er det ein svakhet, vurderer å sette inn drenering.
2. Plass til 4 fendre i hekken
Akterspeilet har integret plass til 4 fendre med bøyle, elegant og praktisk.Lågare og større benkar på akterdekk - Høgda passgr mykje betre til vanlege camping bord. Benkane er også lengre i begge retninga.
3. To skap på akterdekket
Her er det skap også i styrekonsollen for utestyringa, det er god bruk av plass. Vår båt har også eget skap på babord side, tilsvarande det 870en har. Dette er ekstrautstyr på 32en, normalt er det berre eit skap i skottet. Sidan vår har skap i tillegg til dette får du veldig god plass i skapet, det er praktisk å ha plass til lange ting i skapet som ikkje var plass til i 870en, men hadde eg kjøpt denne ny hadde eg ikkje kjøpt ekstra skap når det er så god plass allerede. Då kunne me heller likt å hatt enda litt meir akterdekk sjølv om det er meir enn stort nok akterdekk. Fordel med skap er at du kan ha vask på toppen. Veldig kjekt å kunne vaske fingrane ved fiske før du går inn i salongen.
4. Smartare vinkling på lukene i dørken
870 har to luker som begge vippar mot babord, det betyr at ein ikkje har tilgang til plassen på babord side når ein er i motorrommet. Dette har irritert meg meir enn ein gong når f.eks heile motorkassen skal av og ein ikkje har noko plass å legge den om ein ikkje då først tar den opp på styrbordsida så legg ned ei av lukene og flyttar deler over på benke på babord. I 32en vinklar fremste luka likt som på 870, men bakre luke vinklar mot hekken...
5. Aktervegg med vindu heilt ned til dørken
Eg var litt skepitsk til dette, det gir meir innsyn i båten, men også meir lys inn. Det ser mykje betre ut, ulempen med dette er at du må ha gardin som heng ned til dørken, denne kjem fort i veien og blir mykje merker på ser eg. Men det gjer åpenbart båten mindre "fiskebåt" aktig. Eg syns det er kult med kompassrosa i døra, men dette er nok individuelt.
6. Enda større overbygd tak
Dette er bra på 870en også versus f.eks 820 og 840, men på 32 er det mykje meir overbygg som gjer at det er enklare å bruke båten i drittver, uten kalesje.
7. Rekkverk montert på sida av dollbordet
870 har montert rekkene oppå dollbordet, dette stjel mykje plass. 32 har også eit mykje større rekkverk som går høgare og lengre bak. Ein veldig fin ting er at det går langsmed rør heilt nede ved dollbordet slik at fendrane ikkje ruller av om du berre skal ein liten fisketur og ikkje tar jobben med å hente dei bak til oppbevaringa på akterspeilet
8. Arealet på fordekket
Her er det så god plass at eg trur det egnar seg vesentlig bedre til soling enn på 870en f.eks
9. Luker i hardtopp
Vår har ei luke i hardtoppen, men denne har ein kant framfor luke åpninga, slik at ein kan ha luka litt open sjølv om det regnar
10. Viskere med "buss-armer" og intervall visk
Meir påkosta viskere som viskar eit større område av rutene og dei har interval funksjon som også er kobla saman med alle 3 viskarane slik at dei går "i lag". Veldig greit å sleppe å skru av og på tre viskere når det er lett nedbør eller du får litt jevnlig skvett på rutene.
11. Led lanterner
Sjøl om vår forrige 870 berre var eit år eldre så har denne moderne lanterner med LED, det hadde ikkje 870en
12. Betre plass i motorrommet
Enklare å kommet til på kvar side av motorkassen enn i 870
13. Oversikt fremover frå utestyring
Eg ser vesentlig bedre frå utestyringa på denne enn 870, der måtte eg bøye knea for å sjå godt ut, men det må eg i mykje mindre grad her.
INNVENDIG
14. Større og mykje betre bysse
Byssa blir åpenbart lengre i ein større båt, men det er også veldig kjekt at den er djupare. Pentryet i 870 vil eg sei er litt knapt, litt småbåt-følelse å måtte vippe førerstolen. Det blir også meir skapplass i ei større bysse. Vår har også overskap som gjer det muleg å sette inn ventilator og ein egen plass til glass med ramme til glass. Veldig kjekt å ha glassene ståande slik i stadenfor klirrande i eit skap.
Mykje større komfyr med 3 bluss er eit stort pluss med ein fru som er god på å lage mat. Til no er det pizza funksjonen i steikoven som har blitt satt mest pris på, det at ein kan elektrisk snu pizzaen og med lys i steikovne er luskus og gjer det mogeleg å steike pizzaen nesten like jevnt som heime. Demparar på alle skuffer og skap er jo også luksus, men også praktisk då skuffene ikkje fyk så lett opp som på 870en om du har gløymt å trykke inn knappen
15. Større salong med framovervinkla passasjersete
Moderne løsning der fremste ryggpute kan vippas slik at ein får førerplass med kjøreretningen. Viknes 1030 fra 2011 har løyst dette enda bedre då ein der også flytta sitteputa slik at heile salongen blir tilgjengelig når ryggputa er vippa framover slik at heile salongen er i bruk. Her blir det ein del som ikkje kan brukast når alle sitt rundt bordet. Men salongen er uansett større enn i 870. Den er også djupar, dvs at ein lettare sitt på tvers på kvar side av bordet. På 870en vart sitteputa litt kort den vegen slik at om ein seig ned i salogen så måtte ein finne "fotfeste" i pentry eller dashbord. Dette er ikkje nødvendig i 32en. Sidan det er samme skrogbredde som 870en så er det imponerande kor mykje meir plass dei har fått innvendig. Hemmligheten ser eg ligg i at rekkene er sidemontert som igjen gjer det mogeleg med litt smalare dollbord totalt sett. Viktigst trur eg likvel er at overbygget ikkje skråar innover i like stor grad som på 870. Eg syns det er vanskeleg å tru at bredda ikkje er større på denne enn 870 når ein kjem inn i salongen. På grunn av passasjersete så er det ei klaff i bordet som kan vippast når ryggputa er i bakre posisjon. Denne har frest holdere til koppar, men det er også veldig kjekt å vippe den opp når ein skal sitte lengre på tverrebenken med rykken mot vinduene. Ein slepp å ake seg innover med det ganske låge bordet som var på 870en pga at den som her har kartbord innebygd.
16. Passasjersete
Som nevnt er det framovervinkla, som "alle" moderne båtar har no. Det er også funne plass til ei rekke som også har plass til mobil, koppar mv som var eit savn i 870en. Det at passasjerplassen blir ein liten L-sofa gjer det både triveleg og god plass til fleire. Eg som er dårleg på å sitte rett opp og ned stor kosar meg på slike plasser der ein kan sige ned med ei bok f.eks.
17. Forbetra føreposisjon
Her har 32en løfta seg vesentlig fra 870, førerstolen er både justerbar i lengde regning, men ikkje minst har den vipp bar sittepute slik at ein kan stå rett opp og ned, ut luka. Eg står veldig mykje ut luka under gang, både når me går sakt og fort. Dette er derfor svært kjærkomment. Det er også betre utsyn når ein står, den nevnte dryppkanten på luka er også smart.n framover. Dashbordet har no integret plotter med god plass til meir om ein ynskjer. Utsynet framover blir mykje betre, spesielt var dette plagsomt i sakte fart på 870, vår 10 toms plottar hang ned fra taket og eg måtte bøye meg for å sjå framover i lav fart. i fart med baugen reist gjekk det fint, men her er det like bra uansett. Heile dashbord-flata er mykje lågare i 32. Dermed blir det generelt meir utsyn framover, i 870 er denne oppbygd for å få ståhøgde i forpigg
18. Vindu
Vinduene er også vesentlig forbedra, med luftemulighet på begge sider har ein løyst "trykk-koker" effekten i 870en på varme dagar. I tillegg er det flott når ein f.eks lagar mat at ein kan få gjennomlufting. Vinduene på siden er også mykje større som sikrar flott lysinnslepp. Skorgenes sin versjon har frontvindu i eit stykket, det hevar nok inntrykket ytterligere, men ellers er det svært få endrinar i den ifht originalen. Det seier jo litt når det er snart 15 år sidan båten vart konstruert
19. Stikk-lugar
Denne er lik som på 870en og ein kan undrast om ikkje denne kunne vore betre utnytta, "alle" andre har køye på tvers, mulig det blir for lågt om ein hadde gjort dette her, men det enorme lasterommet som også er på 870 er unødvendig stort syns eg, sjølv om det er fint å ha ein plass å legge putene ute f.eks, men me legg dei alltid i ein lugar fordi dei er lettare å få tak i gjen. Lasterommet må ein gå ned i for å få opp ting.
20. Mellomgang
Sidan det er dør til forpigg (det kan ein få på 870 også) så vert det eit lite rom mellom stikk-lugar, forpigg og wc/dusj. Romsleg og fint med smarte skapløysingar som tar mykje mindre plass enn skapet som kom utover i 870en.
21. WC/DUSJ ROM
Me var veldig fornøgd med 870en, men unntaket var f.eks WC som var ekstrem lite og upraktisk. Her har ein fått til ein veldig flott løsning med dusjvegg som sjølv for oss litt rørslige gir albuerom til ein skikkelig dusj. Vindu ut fra dusj delen er også gull for rask utlufting sjølv om det er elektrisk tørking også. Med dusveggen festa til veggen har ein også svært god plass på WC. Denne avdelingen har også eit flott skap under dollbordet som gir god plass uten å ta plass i rommet. Eg vil sei at dette rommet er mesterlig utført. Døra vinklar utover og har magnet lås mot trappa. Då har ein ogsåstengt for innsyn om ein f.eks går lettare avkledd mellom forpigg og WC.
22. Forpigg
Alle 32 eg har sett før me kjøpte vår har dobbelkøy framme. Forrige eigar av denne båten valgte V-køye med barnekøye under. Dette var før kjøp noko som skuffa oss, målet var å få ei skikkelig dobbelkøy, men det er alltid noko og i motsetning til 870 har denne veldig låge kantar som held madrassene så eg anser det som mykje enklare å lage til noko ein kan legge i mellom som kan tas bort slik at ein får det beste frå begge desse løysingane. Etter ein helgetur er me ikkje lengre sikre på at me skal gjere noko med dette. Forpiggen har så lange køyer, den på babord er 240 cm lang, det gjer at fremste del av køyane heng saman, her er det så stor bredde at me fann ut at det går fint å legge på tvers for oss på 160 og 183, om fruen ligg innerst. Om me vil sove slik veit eg ikkje, men i våken tilstand med ei bok og ein kopp kaffi var det fint med puta litt oppover skrogsida så fekk ein også perfekt "ligg og lese bok vinkel". Barnesenga under er ca 180 så her er det god plass, men lågt under køya for litt større barne/voksnes. Ulempen med denne løysinga er at det ikkje er skapplass. Dørkplassen er god, det går fint å lukke døra og fortsatt ha god plass til av og påkledning. I motsetning til takluka i hardtoppen så kan ikkje luka i forlugaren vere på gløtt når det regnar. Her kom det inn vatn asap, samme på 870, men der hadde me ikkje dør så luftinga var ikkje så prekær. Det er derfor heilt genialt med skrogvinduet som kan opnar og som ligg godt inn under i skroget som gjer at når båten ligg i ro vil det ikkje komme vatn inn sjøl om det ausar ned. Voldsom sidevind vil kanskje kunne dra nokre dråpar inn. Utfordringa med skrogvindu er sjølvsagt at du MÅ hugse å lukke dei elles kan det bli ganske store konsekvensar. Ein regel me har laga oss allerede er at det ikkje er lov å berre lukke desse ned uten å stramme dei 3 store vridarane.
23. Utstyrs oppgradering
Utover alt som er oppgradert med sjølve båten så er det noko meir moderne utstyr og meir utstyr enn på forrige båt:
Meir moderne utstyr:
- Hovedstrømbrytere åpnes/stenges fra førerplas
- 12 toms integret kartplotter med tocuh screen - ein generasjon opp frå det me hadde
- Autopilot, denne kan styres både frå eget display og kartplotter
- Gass alarm
- Sluregir - elektronsik
- Hekktrøster
- Fjernkontroll på både trøstere og ankervinsj(er)
- Kjøleboks - enormt med plass, minuset er at det ikkje er fryser. Dette står også på lista for ting me kanskje kunne tenkt å ettermontert, men alt kostar og nytten kan diskuteres. Det blir mest brukt til store pakkar med småis som skipperen ikkje har godt av:)
Manglar ifht vår 870:
- Solskjerming til frontvindu og fremste på sidene - Me kjøpte det til 870, mest for å redusere falming av den mørke mahogny innredning, her er det lyst tre, men me kjem til å kjøpe dette på 32en også, mindre innsyn og redusert varme er fine bieffekter og mindre falming av trekk og stolar.
- Ankervinsj bak, her er vinsjen framme i typisk Nord-Norge stil. Ankervinsj bak MÅ me ha slik me brukar båten så det blir eit vinterprojsekt, men då har me vinsj både framme og bak. Ulempen med vinsjen framme er at ankere blir eit mord-våpen for den som skal hoppe frå baugen, her må me gjere tiltak, usikker enda på om det blir baugspyd med stige eller å skru bort vinsjen her og flytte den bak
- Solceller - det var veldig kjekt å ha og står også på lista, men batterien her virkar imponerande ifht dei 3 eg hadde i 870en, verkar som desse held betre på straumen enn i 870en av ein eller anna grunn. Dei er større 142 ah kvar, men det blir mindre total enn 3 på 115 ah så det er rart, men ein klagar ikkje, godt mulig det ikkje er veldig viktig med solceller for vårt bruk.
KONKLUSJON
Over har eg gått gjennom alt eg har notert meg som fordeler med 32 vs 870. Det litt meir subjektive er sjøegenskapane, men fekk prøvd båten god i all slags ver nedover fra Nord-Norge sjølv om det var mykje godt ver så er det lett å merke at dette er ein tyngre båt med rolegare bevegelsar. Det kjem litt lettare skvett på vinduene, men eg syns f.eks den går finare i 10-12 knop enn 870en. Det at lenge bredde forholdet er endra gjer også at den tar sjøar rett forfra betre. Eg oppfatter at den har litt høgare tyngde punkt, det kan nok forklarast med meir vørigt overbygg, men me har også ein tung flåte øverst på taket. 40-50 kg så høge oppe har antakelig ganske stor innvirkning, men noko problem er det ikkje. På siste fisketur var det kuling og eg låg på tverst å fiska og sjølv om det slingra litt så er bevegelsane rolegare og meir behagelege enn i 870en som også er veldig, veldig bra i sjøen.
Direkte dårlege ting ifht 870 er det færre av, men badestigen er jo ein elendig løsning, her er det ein nødleider vil eg sei under badeplattforma. Me kjem til å sette på ein slik me hadde på 870 sidan me likar å bade i sjøen. Akterporten ser veldig bra ut, men her kjem det mykje luft inn. Det å sitte ute under kalesjen når det er kald vind vil føre til behov for å dekke til denne. Kan enkelt lagast eit ekstra trekk for det er smart at det er luftig så det ikkje blir for tett under kalesjen når båten ikkje er i bruk...
Høgare dieselforbruk er jo også negativ sjøl om det er ganske åpenbart for ein såpass mykje tyngre båt, 4,6 tonn vs 3,5. NB oppgav at denne skulle gå betre enn 870, det stemmer kanskje på full fart, men i området 16-20 knop så går det i alle fall meir pr liter i denne enn i samme fart med 870en me hadde, 2,2 versu 2,5/2,7 liter pr mil er vår erfaring. Er litt usikker på om 320 versjoen av 8LV brukar litt meir diesle enn 370 versjonen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar