lørdag 4. november 2000

NB 32 Ardea

Opplevelsen frå Harstad sommaren 2024 slo rot. Kan det vere verd å gå opp berre 3 fot når det er nesten samme båt? Skroget er det samme, berre forlenga med ca 1 meter. Slikt kan vel neppe utgjere stort. I tillegg er det jo eit hav av prisforskjell...

I mai i år kjørte eg til Stavanger for å sjå på ein som låg for salg der med Yanmar 8LV370 hk motor. Båten gav igjen dette impoerande inntrykket der ein som har hatt 870 veldig fort ser alle dei små og store tingene som er forbetra. Motoren var også ein imponerande sak, deilig 8êr lyd er noko anna enn hard 4 cyl gange... MEN, no vart jo "alle" levert med den litt for små 6 cyl Yanmaren ... så det vil jo vere umulig å få tak i ein med 8LV...

Men det vart ikkje handel i Stavanger, båten var slitt, mykje brukt og dårleg tatt vare på i mine auge, men eg fekk ein prøve tur og handlingensmann hadde fått los...

Eg la ut eit innlegg på NB sitt FB forum om denne båten og motoren, det kom div svar og eit av dei var frå ein kar i Nord-Norge som forklarte at han også hadde ein slik med 8LV motor. Nedover i dialogen så skriv han at han burde solgt båten for den blir altfor lite brukt. Det er nokre veker til me skal nordover på ferie, eg sender melding og oppdagar at båten ligg på naoboøya Ibestad. Selger tilbyr seg å gå over fjorden så me kan få sett på båten... Som sagt som gjort.

Selgar meinte at båten er 100% som ny, eg var ikkje heilt enig i det, men ser jo at det som skal til for at den kan sjå nermast ny ut er ein grundig vask, rubbing og polering. Skroget er nermast fritt for hakk og striper, motoren ser ut som ny, innredning er også neste uten merker overhodet. Einaste eg oppdagar på prøveturen er ulyd i hekktrøster. Selgar prøver å unngå å snakke om det, mja... Noko er det alltid.

Uansett, dette fristar veldig, men det praktiske med å få solgt egen båt, samtidig som me for alt i verden ikkje vil selge den båten hvis me ikkje er sikker på at me får den nye gjorde at eg ikkje såg korleis me kunne løyse dette. Men her er me usedvanlig heldige, selgar har det ikkje travelt med salg av båt, den er ikkje annonsert på finn og han har berre meg og ein til som tok kontakt etter dette innlegget på FB. Eg var først og får førsteretten. 

Me reiser heim og dreg på båttur, plutselig har WCen på 870 blitt ufattelig knotete, dusjing på badeplattforma midtfjords var ikkje så sjarmerande lengre. Har pentryet alltid vore SÅ lite? Mangel på komfyr vart plutselig eit problem. Ikkje kunne skipperen ta ein tur på potta heller, uten at ein anna må stå til rors. Autopilot, det har me jo aldri sakna i motorbåtane?

Ja, i gjestehavna på Laksvåg, går første budet til selgar. 1250, sammes om den i Stavanger gjekk for, men det blir fort avvist og eg er enig i at det er for lavt. Selger meinar 1850 er meir passe. Argumentene er at dette er ein 2014 modell, 2 år nyare enn den eg bruker som dokumentasjon. I tillegg er det brukt berre 580 timar, mot 1490 på den i Stavanger. Timar er ikkje nødvendigvis noko problem, men den i Stavanger hadde mykje bruksslittasje, det hadde ikkje den i Nord-Norge og eg veit med meg sjølv at det er veldig avgjerande for meg. Me aukar budet, men det skjer ikkje noko, ikkje noko svar. Eg legg det frå meg. Det blir for dyrt. Så tar eg kontakt med ein av dei som har fått solgt sin 870, prisen han har fått er imponerande. Me legg litt på og visp, selger slår til. No er det berre å få solgt til god pris så er me der. Budet vert gitt med forbehold om godt salg... Tida går, litt interesse, men eg byrjar å innsjå at 1.050 for vår båt er for mykje. Det kjem fine til som er lågare prisa. Men med salg må ein berre ha tolmodighet, etter 1 mnd dukka plutselig ein kjøpar opp, han likar annonsen og det han får høyre av meg. Eg har brukt mykje pengar og tid på vedlikhald og dokumentasjon. Det gir trygghet for kjøpar og han vel vår båt framfor ein rimelegare med 290 Yanmaren og meir mykje utstyr... Han får ein god båt, og me har tatt på oss ei utfordring, korleis skal me få 32en heim?

Eg ringer rundt til reiarlag i eit naivt håp om at eg kan få båten nedover med fraktebåt for 15-20.000... Nei, 40.000 er svaret. Helsikken, dette byte byrjar å bli dyrt ja:) Enden på visa er at me tar båten på egen kjøl, svir av 2000 liter diesel og 33.000, men får ein fantastisk og uforgløymeleg tur, igjen er det eg og pappa på tur. Turen er veldokumnetert i bloggen.

I alle innleggene om båtane våre er det meir kjøpsprosessen og bruken, enn erfaringen med sjølve båten som er beskrevet. Eg tenker at det ikkje er så interessant for andre enn oss, men eg vil gjere eit unntak sidan eg har friskt i minne kva som gjer 32 fotaren så mykje betre enn den allerede veldig bra 870en, i våre auge sjølvsagt. Andre kan ha ein heilt anna oppfatning og spesielt forstår eg at mange ikkje forstår at det kan vere verd prisforskjellen for den er stor, veldig stor egentlig. Sjølv om me kjøpte utenom finn.no denne gongen har eg ingen illusjon om at me gjorde noko kupp, men ME fekk akkurat den båten ME ville ha, det er tross alt det viktigste.

Her kan du lese vurderinga eg har gjort når eg har tatta for meg båten i detalj og samanlikan den med 870en me hadde, det var ein 2012 modell, levert i 2013. 32en er ein 2013 modell, levert i 2014 av konkursboet. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar