tirsdag 19. august 2008

19. august - Tirsdagsseilas

Då var det tid for å hive seg med på tirsdagsseilasane igjen. Dårleg planlegging (dvs ingen planlegging) medførte at eg måtte segle singelhanded i dag, det var heilt ok når det er så lite vind som i dag. Starten gjekk greit, eg la meg litt bak for å vere på den sikre sida. Opp til styrbord runding på Otterøya var eg faktisk 4. beste med Roy Nilsen og co berre få meter føre meg. Ellers var Omega 36 og Storm til Fjøsne eit stykke framom... Vel, som det ofte går når ein er høgt oppe så gjer ein feil, eg kom til at det måtte passe fint å sette gennaker åleine i den lette vinden. Det gjekk greit, tok sjølvsagt dyrebar tid som eg hadde planlagt å ta inn igjen på veg nedover mot Eldøyaen igjen, men når gennakeren endeleg var oppe hadde vinden snudd (eg hadde fulgt svært dårleg med). Dermed var det minst like mykje arbeid å få den ned igjen... Vel, det enda som 3. sist og heilt sikkert sist etter LYS. Både om eg får 1,50 pga manglande målebrev, men antakelig også om me ser på 1,23 som eg meinar er rett. Det spørs forresten om ikkje 393 Beneteauen vart siste forresten, dei var eit stykke bak, tross alt tullet mitt...

Uansett veldig kjekt og læreriktig, eg er fortsatt usikker på om seiltrimmen er rett, eg har iallefall lært at for stramme seil på denne båten fungerar ikkje hverken i lett eller hard vind.

Flott tur og me er nok klar nesten tirsdag igjen...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar