fredag 22. august 2008

22. til 23. august - Gutatur til Fjellberg

Eg og Amund (5) har invitert Johnny og Ole (4) på båttur med overnatting. Planen var Føyno, men litt tung nordavind gjorde at me heller valgte Fjellberg. Me sigla forsiktig over fjorden med berre fokko då Ole ikkje syns det er så spennande med store bølger og båtar som bevegar seg. Det gjekk kjempefint, men farten vart låg med gummibåt på slep med påhengs og som det skulle vise seg var den blytung pga at det var ein del vatn i den i tillegg... Pølser til middag og så ein gummibåttur med karane før legging, høgtlesing av bok med Gordon toget og så var det bingen. Begge sovna ganske raskt, Ole på eit blunk. No har også Johnny tatt kvelden etter beskjedent inntak av ei pils og to. Eg som lir av langt framskreden lakenskrekk fant ut at det var gratis tilgong til nett her så dermed måtte me blogga litt og lese nyheter... Båt på land på Bømlo og ein sakna, triste saker...

Vel, godnatt. I morgon blir det nok gummibåt og trampoline til me sett kursen heimover for å rekke 30 årsdagen på kvelden. Håpar på ein liten tur på Fjellberg om karane klarar å motiverast til slik, har aldri vore lengre enn til butikken på kaien... Tatt masse bilder, men med kameraet til Johnny så bildene får vente litt før dei vert lagt ut...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar