onsdag 27. august 2008

26. august - Tirsdagsseilas

Tirsdagsseilas igjen med Leif Rune og faderen med dinna gongen. Forventningane va store, med slikt mannskap burde det gå knallbra, men ting gjekk ikkje som venta, dårlig tid før start, litt kluss med gennakeren gjorde oss litt ukonsentrerte ved start, men kom litt langt nord og måtte ned med gennakeren ein periode for å komme oss sør for Ystøya, noko som kan diskuterast om var nødvendig då to båtar droppa dette, hmmm...

Vel, me fekk god fart ein periode mot Hidle før "platt-lens" spøkelset slo til igjen, Leif Rune har tidlegare nevt at gennaker ikkje er noko greier og i går var det iallefall sikkert, me rota det sikkelig til slik at me til og med vart tatt igjen av ein båt med 1.05 i LYS, ikkje bra. Vel, me fekk eit par hundre meter med bidevind ved Hidle og fossa forbi då, men etter runding og på krysse tilbake fekk me for alvor merke at kryssfokk og lite vind, kanskje kombinert med litt sjø ikkje er noko suksessformel, låg høgde og dårleg fart var fasiten. Bav 38 fossar forbi og jammen tek ikkje denne grønne båten med Lys 1.05 oss også på slutten. Kan ikkje komme på noko anna en ukvemsord. Dette var IKKJE gøy... Det spørs om det vert pengar til ein genoa med det fyrste så me får håpe det berre er i lette vindar me slit på kryss...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar