mandag 1. september 2008

30. til 31. august - Leirvk havn og 40 årsdag

Ja, ikkje verdens lengst tur denne helga, dvs heller verdens kortaste tur, men veldig kjekt å ha seilbåten "med" på 40 årsdag. Ingen stress med taxi-kø osv heim og dessuten fint med nokre timar barnefri og åleine seiling med mor for ein gongs skuld. Deilig "føre" på laurdagskvelden så me vart nesten 1 time forsinka, beklagar Oddvar! Vel, me syns båten blir kjempestor når me er åleine ombord;). Kl 04.00 var me tilbake i båten og når eg skulle sett på landstraum kom jammen Wenche og Tore (venner frå Haugesund) forbi, dei hadde vore i bryllaup i Samhald, litt av eit samantreff, tidspunktet tatt i betraktning. Vel, så det vart visning av båt og "nesten" nachspiel, men Wenche var streng og klar så Tore måtte berre innsjå at cognacen måtte vente. Takk og lov for det. Søndagen vart tung nok som den var...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar