søndag 21. september 2008

Med svigers på tur...

Endelig vart det tid til ein seiltur igjen, 11 dagar sidan sist og det er nok det lengste båten har fått ligge i ro si me fekk han heim 3. mai. Tore og Gro-Hege ville på tur og eg var ikkje vanskeleg å be. Rolige forhold, maks på 5,2 knop, såvidt opp i 8 knop vind i eit par sekund ellers under 5 knop vind. Segla fyrst litt østove, men slo og gjekk rundt Otterøya, enormt med strøm langs landet frå Hornelandsvågen til Eldøyane, brukte evigheter og såvidt det vart framdrift i den sterke straumen og den lette vinden, men me var jo ute for å segle... Dei likte båten, syns den var heilt topp, sjølvsagt;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar