tirsdag 9. september 2008

Tirsdagsregatta 9. september - ENDELIG!!!!

Endelig var det vår tur, tross mange tabbar fekk me oss ein real opptur i dagens tirsdagsregatta. Med svært utrent mannskap stilt me opp på Leirvik. Så godt som null vind i starten gjorde at det var avtalt runding babord på staken ved Sponavikjo og så tilbake via babord på Ystøya og oppigjen, nordre leia. 1 knop vind i starten er det verste Hansen veit, men me kom oss likevel greit ut som nr. 3. Expressen bak fekk betre høgde og var på veg til å gå forbi oss på fyrste legget, men slo og gjekk inn i mindre vind før runding ved Sponavika slik at me likevel runda som nr. 3 bak Omega 36 og Mamba 33. Vinden auka til rundt 5 m/s og Expressen som låg bak klarte ikke å halde oss som gjekk ca 6 knop. Me vart enig om likevel å gå til Hidla sidan vinden hatt tatt seg, me segal opp på sida av Mamba 33 og var eit øyeblikk nr. 2 før heising av gennaker endte med mykje banning og tilfeldig kjefting på det utrente mannskapet (fy skam, men i kampens hete er det ikkje lett). Litt opp og ned og av og på med skjøter så var det klart, men Expressen hadde tatt oss igjen og låg rett bak, heldigvis hadde ikkje Mambaen fått for stort forsprang, men Omegaen hadde ikkje sløst med tida og hadde fått eit godt forsprang. På veg vestover igjen skyt Expressen fart samtidig som me ser at Omegaen lengre ut i fjorden må ta ned spinnakeren. Draumen om å segle gennaker heilt til mål forsvinn og eg strammar gennakeren maks i eit håp om å sleppe å ta den ned... Båtfarten stoppar på 4 knop, Expressen skyt fart med sin spinnaker, kva er det som skjer? Noko er gale, noko er veldig gale... Me lurer fælt, men finn ikkje ut av det og på 1-2-3 er Expressen langt foran. Ganske fortvilande, så kjem eg endelig på å sjekk om gennakeren ikkje bør slakkes litt, båten skyt fart frå 4 til 7,5 knop på berre få sekundar, herregud for ein tabbe, me rekk ei toppnotering på 7.9 knop båtfart inn mot nordre lei inn mot Leirvik og er igjen hakk i hel på Expressen og no også Mambaen, fantastisk innhenting. Så broachar me, gennaker blafrar vilt, dette vert dyrt tenkjer eg. Alle ombord får ein overhaling, storseilet er for stramt, når dette vert slakka tek roret tak igjen, gennakeren hogger til og på ny er me opp i nær 8 knop, me må nesten bremse for ikkje å selge på nedsida av Expressen (eg er livredd for å få for låg høgde mot mål, igjen ser eg muligheten for gennaker heilt til mål), me klarar å snik oss på oppsida ved stakane i innløpet og fossar forbi. På veg inn fossar meg også forbi Mambaen som slit med lågare høgde og spinnaker som ikkje toler like mykje høgde som gennakeren. Me er knall fornøyd med oss sjølv, dette skulle Leif Rune sett, kven hadde trudd at det skulle dukke opp forhold der gennakeren ville egne seg betre? Sjølvsagt har me ein båt som skal gå flott i slik vind, men jammen gjorde den det og, nær 7 knop båtfart mot indre havn i ca 4,5 til 5 m/s er knallbra båtfart og me tek fleire minuttar på desse to me passerte berre på legget frå lykta og inn. Synd me rota så mykje ellers skulle Omegaen også fått pes i dag. Utrulig kjekt uansett... Takk til han far som igjen fekk mykje ufortjent kjeft og til Anton frå Bømlo!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar