torsdag 9. oktober 2008

Dugnaden som blei "prøve-klase-regatta"







I dag sku da vera dugnad, men ingen med peiling på ka som sku gjerast dukka opp og då va eg ikkje sein om å hiva meg ein tur på fjorden, kvart på 6 va eg utpå og med 4-7 m/s midt i fleisen ut fjorden blei da vanskelig å snu i dag, perfekte forhold og ein kryss med ca 6,5 knop så da enda med at eg tok ein "klasen-regatta". Babord runding på Klasen og så babord på Midtvikøy. Da mørkna i da eg runda Midtvikøy og så blei da heimtur i bekmørket, litt spennande å seila åleina i mørket, men da gjekk sjølvsagt fint, brukte lina og tok ner seilet utanfor moloen for å ha litt å gå på om ting sku gå litt på tverke. Vinden auka på og opp mot 8 knop for berre storseilet heim igjen va litt action. Nydelig haustver og god temperatur. Litt spennande vart da og å bakka inn båten i båsen i ein god del vind i mørket (ikke lagt opp lys på nybryggene endo), men da gjekk berre fint da og...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar