lørdag 4. oktober 2008

Windjammer

Ja, då va da dags for ein skikkelig regatta med 54 påmeldte båtar. Windjammaren, eit av høgdepunkto i seilarmiljøet på Stord, veldig kjekt å vera med på slikt og me kjeme nok te å bli med så sant me kan...

Vel, resultatet vart nr. 3 i TUR-klassen av 7 startande, berre 4 fullførte. Klart enklaste klasse å hevda seg i, tross at me ikkje brukte gennakeren noko som er lov i TUR! Sjølvsagt måtte me bli slått av en Bav 41 og ein 38, eg begynne å få eit litt anstrengt forhold te disse no:)



Vinden va av den kraftige sorten og FRI va ikkje 100% klar for slikt ver, blant anna sleit me med manglande utveksling på fokkeskjøte, umulig å stramma skikkelig... Starten blei passe, litt forvirra va me nok og trudde da va eit minutt igjen når starten gjekk. Me valgte å gå rett ut i kulingen, mange i vår klasse gjekk langs land opp mot Aker, men tross vind i mestelaget vant me på å gå mot Fjellberg og så krysse opp mot Terneskjer ved Illholmaen. Me traff på X-sel til Leif Rune der oppe, eit hyggelig syn for oss si me hadde starta seinare enn han, men me såg di ikkje igjen etter runding. Me såg og at Hanse 320en va bak. Vel, me hadde god båtfart ned mot Halsnøy i likhet med dei fleste. Ei feilvurdering om å prøva gennaker ødla litt for oss, heldigvis tok me til vett å fekk han i hus igjen. Ei lito løya lurte oss til å prøva, me gløymte ut storseilskjøtet og div andre ting mens me haldt på og Vår Sommer Ro (Bav 38) kom på sio og fossa forbi, me fekk plattlens på slutten og sleit med fokko. Hektisk ruding med ein Bav 44 som kryssa inn rett før oss og med liten margin klarte å komma klar J-båten som broacha i det den skulle ha ned spinnakeren. Me broacha i likhet med Bav 38en eit par gonger etter ruding, altfor mykje vind for full seilføring, 12-14 m/s i kasto gjorde at me mista roret i likhet med dei fleste. Likavel blei da te at me fortsatte uten å reva, muligens ein tabbe. Me klarte aldri å ta igjen Bav 38, men me gjekk bra likt i kulingen og etter ruding Ystøya broacha han eit par gonger som gjorde at me tok innpå, men ikkje nok til å slå han. Vel, ein spennande regatta i mykje vind, uvant for oss, men læreriktig. Me sku gjedna vore fleire sterke kara i dag, men Hansen innfrir igjen, lett å seila, sjølv med altfor mykje seil oppe og han virke solid og stødig, sjølv om roret glippe i kuling med alt av seil oppe...


På vei heim hadde med øve 30 knop vind reell vind og øve 35 inkl. båtfarten.. Då blese da godt, men me gjekk for motor...



Sånn såg da altså ut utanfor Sponavikjo kl. 1020. Kl. 1530 va da 17 m/s. Ganske utrulig forvandling...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar