onsdag 15. oktober 2008

Nye mastesleidar

Da e på tide å begynne div prosjekt i båten. Nye mastesleidar har eg tenkt på heilt si me fekk båten. Storseilet e tungt å dra opp og da blir "hengande" i sporet når eg sleppe da ner, med den følge at ein må fram og dra da ner. Spesielt upraktisk når ein er åleine. Spesielt si ein må gi litt og litt etter på fallet i cockpit samtidig som ein er ved masta. Dermed blir det eit par turar fram og tilbake før det er nede. Siste tur i mørket fekk eg erfara at ditta e spesielt kjiipt når ting bør gå smidigt...

Vel, leverandøren av båten gir meg innkjøpspris på nåken skikkelig gode sleiar så ditta ser lovande ut. Bestilte fyrst ein og den ser ut til å passa så då bestille eg dei 3 siste i måro så blir da spennande å sjå korleis da fungere i praksis...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar