søndag 19. oktober 2008

Klasen 2008

6 båta stilte til start i årets siste regatta, Klasen. Seilasen går med start frå Leirvik Havn (moloen), styrbord stake ved Sponavik og så styrbordrunding Midvikøy, tilbake mot målgang i Eldøya skal ein gå styrbord av Klasen, dvs vest av holmen som ligg på austsida av Fønyo. Plassering er pt uklart, me kom i mål som 3. båt, Team XO måtte bryte rett etter start at dei fekk problem, genoaen havna i sjøen. Me kom nok før Eide i hanse Beneteau 393, men om me klarte å gå forbi Silene denne gangen er uvisst, me var nok 20-30 min før, men den har lys 1.05 mot våre 1,23!











Me fekk mykje vind i starten, tok eit rev, men sleit med båtfarten, me enda til slutt med å dra inn på fokko eit par turn, noko me aldri har gjort til no, resultate vart eit flatare seil og meir balanse i båten, merkelig. Ikkje akkurat etter boka, det må ligge eit stort potensiale med justeringa på fokka, den føler eg ødlegg båten, men, men. Me vart liggande bak Expressen til Tørres og Jeanneauen til Roy, men Roy gjekk langt vest mot Føyno mot Midtvikøy og me tok han nesten igjen med vårt kursvalg lengre aust, dessverre drog han frå oss før Midtvikøy, noko me ikkje heilt klarte å finna ut av. Vel, etter runding heiste dei andre gennaker/spinnaker, men me lot vera, da va bra med vind og eg følte ikkje at me tapte så mykje før me nærma oss Føyno, me toppa med 9.6 knop nerøve på ein liten surf. Ved Føyno fekk me opp gennakeren, men me sleit me å få den til på den plattelensen me fekk inn mot mot. Spridd gennaker går ikkje så bra når da e bølger, då felle han samen når bølgene vippe båten opp... Alt i alt ein grei seilas, uten dei store høgdepunkto, svært så fuktig affære, søkkblaut gjennom regnklero når me kom i mål...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar