søndag 2. november 2008

Stavanger og Nelson Marine


kl. 0450: Eg vaknar og må på ein viss plass, da må vere minusgrader inne i båten, utrulig kaldt. Eg startar varmaren og kryp i thermosoveposen igjen, der er det godt og varmt. Eg står opp kl. 0530, kokar kaffevatn og innser at det tek svært lang tid å få ein båt varm, når utgangspunktet er minusgrader. Her må det nok til isolering av slangar ein gang...

Like etter avgang, riggane på Aker Stord e lika majestetiske i mørket...





Magisk øyeblikk, da gryr mot ny dag. Nydelig ver og dritkaldt!








Far er heller frossen, men uaktuelt å gå ner i varmen.



Ryvarden i bakgrunnen, fantastisk sikt! Nydelig seilvind frå aust, sør-aust.



Fornødd skipper med frosne føtte!




Når me nerma oss Haugesund måtte me innsjå at vinden løya såpass at motoren måtte i gang om me sku ha sjans å nå Stavanger før mørket nådde oss. Fint motortur nerøve som me i perioda støtta med fokko, som gav oss ca 0,4 knop ekstra. Positivt at me vart møtte av selskapet som ska ta reklamasjonane på båten, gjennomgang av tilleggsbestillingane vart gjort og nøklane overlevert. Så får me berre venta i spenning og kryssa fingrane for at ting vert fiksa og fiksa skikkelig...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar