søndag 19. oktober 2008

Bjoa, igjen!


Mor og barn hadde tatt turen til Bjoa si far skulle segle regatta. Etter målgang satte eg av pappa som var mitt einaste mannskap på Klasen og drog rett ut, sette seil i drittveret og koste meg skikkelig innøve fjorden, der eg hadde søkt ly onda sprayhooden med ein kopp kaffi og lot autopiloten gjera jobben. Eit rev hadde eg tatt for komforten si skyld. Ved Terneskjer braka da laust, eit regnver uten sidestykke som eg fekk på film. I det eg legg frå meg kameraet kjem ei vindkule som legg oss skinnflate, så fort at båten ikkje rakk å gå opp i vinden, slik den normalt vil gjere, for fyrste gang har eg massiv sjø opp mot vinduaga i overbygget. Eg klamrar meg fast, kaffien fyk vegg i mellom, i ei lito løya skjer båten brått opp i vinden med ei infernalsk blaffring i segla, eg drar som ein gal og får rulla inn fokka før eg føler at eg har såpass kontroll at nyskjerrigheten sjølvsagt gjer at eg stuper mot vindmålaren for å sjå kor ille da e, eg ser 40 knop eit augneblink, ikkje verst. Like fort som vinden kom forsvinn den. Det blir likevel svært så ustabil vind innover mot Bjoa. Vel framme er det på høg tid å få opp kalesjen og krype i soveposen for å få varmen, til og med underbuksa er no blaut... Ikkje så verst med nysteikte vaflar og fårikåle seinare på kvelden. Ellers var det sjølvsagt Amund og den nye sykkelen som vart høgdepunktet på Bjoa, denne helga. Kjempeflott. Heimturen vart gjort for motor uten spesielle høgdepunkt anna enn at det av og til er godt å berre sette seg på ein redningsvest med ein koppkaffi og sjå/høre på regnet og vinden som bles. MÅ ikkje segle alltid




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar