onsdag 24. juni 2009

Badetur til Føyno!





Nydelig varmt vèr i dag, med kun lett bris frå nord-vest. Det vart ikkje tid til seiling i dag, men me putra bort over til Føyno og åt middag undervegs for å vere effektive, sidan dei små må heim å leggast i skapeleg tid. Me ser at Ola på halvanna år skal bli ei utfordring i sommar, fristar ikkje me langtur i år... han er over alt heile tida. Me har kjøpt sikkerhetssele som me lyt bruke hvis begge må jobbe f.eks ved tillegging, men den er langt frå populær. Ellers blir det nok mykje kveld og natteforflyttning i år når dei små gullongane søv... Kun få dagar til ferie no, men neste veke vert det litt jobb og litt arbeid med huset, ikkje noko overnattingsturar iallefall... Men satsar på me stikk ut fredag som kjem og blir til søndag så fint ver me har no...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar