lørdag 4. juli 2009

Romsa helga 26.-28. juni






Ei svært hektisk veke har gjort at eg for fyrste gong ligg etter med blogginga:) Derfor kort oppsummert, forrige helg gjekk til Romsa fredag kveld, motorseiling i delvis vindstille og nydelig ver. Framme kl.2000 og valgte Nautøya for fyrste gong, også her var det veldig fint og litt meir armslag enn det er i nordre vågen, der det er plass til mange båtar, men alltid smikk fult og "berre" ei brygge å opphalde seg på. Her er det store bakkar og to brygger. Sleit litt med ankerfestet, men no har me endeleg fått orden på jollemotoren igjen så ankeret vart kjørt ut i maks lengde og satt godt etter det.

Nydelig ver og 19 grader i sjøen gjorde sitt til at det vart mykje bading, karane hadde det topp, men sovinga vart eit slit begge kveldane, det må en berre ta med seg når ein har 1,5 åring ombord. Svigers kom frå Bjoa både laurdag og søndag, søndagen med medbrakt Baccalao som me varma på open eld i grillhuset, rett og slett nydelig...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar