tirsdag 16. juni 2009

Tirsdagsseilasen 16.6 - Endelig vår tur!






Tirsdagsregattaen gjekk i dag frå Leirvik med styrbord runding den norde/østre holmen av Illholmane. Flott ver med god vind, 10-12 m/s frå Vest-nordvest.

Dette var fyrste regatta og faktisk fyrste skikkelige seiltur med nyseilet. Det vart ein gedigen opptur. Me runda rett bak Melgesen Average Joe og eit stykke bak fyrstemann ved runding, Amalie. Det såg ut til å vere effektivt å seile platt ned til runding, med spridde seil slik me gjorde i dag. På kryssen tilbake gjekk det litt trått før me fekk tatt eit rev då gjekk det veldig fint med jevnt over 6,5-7,0 knop og betre høgde enn med det gamle seilet. Det er lett å merke at det er meir moment i båten når den stampar mot sjøen slik me gjorde på tilbaketuren. Me slit litt med at storseilet no kjem i vegen for den kraftigare vindstraumen som kjem av nyseilet, dette trur eg lett kunne vore løyst dersom me hadde hatt ein løygang, dei to blokkene som held skjøte på hyttetaket klarar ikkje å dra seilet nok inn i båten og dermed ser det ut til å bremse.

Uansett, på returen kom Silje i godt sig på slutten og gjekk forbi oss rett før Sponavika, dei seilte betydelig fortare enn oss då. Etter litt konsentrasjon på slutten haldt me godt følge inn over og var svært heldige rett før mål der vinden plutselig dreia 20-30 grader mot nord slik at me plutseleg kunne stå rett i mål, dermed sneik me oss føre Silje med ei båtlengde eller så. Stort for oss, sjølv om me på korrigert tid er bak... Rask hoderegning seier at me fekk 3 plass i dag av 7 gode båtar på startlinja, det er me svært nøgd med sjølvsagt!

2 kommentarer:

  1. Gratulera med vel gjennomført seilas. Ser ut til at du får bra betalt med nyeseilet også :)

    SvarSlett
  2. Me må nok prøva litt meir før me konkluderer på kor mykje betre båten går med det nye seilet, men forskjell er det heilt klart. Eg merka veldig godt ta me hadde meir kraft til å gå i mot sjøane med. Før stampa det meir og båten miste mykje lettare fart før enn no. No er det kraft til å komme gjøno sjøen... Da mest imponerande e at tross vind på 10 m/s så kunne me halda full seilføring, normalt har me måtta reva før, da vist at ditta seilet generer betydelig meir krefter framover enn sideveis i forhold til sjølvslåaren.

    Dåke ska ikkje ein tur heim på St.hans? Då e siste tirsdagsseilasen før ferien. Til og med start og mål i Eldøyo. Hadde vore veldig kjekt å fått seilt mot dåke... Håpa me kan få til ein liten privatregatta eller noko i løpet av sommaren...

    SvarSlett