mandag 13. juli 2009

Bakkasundet!











Me la ut frå Eggøyo ca kl. 1730, gjekk til Bekkjarvik for proviantering. Motorseilte på lågt turtall, men over 7,5 knop i kulingen frå sør-vest som me fekk nokre grader aktenomtvers. Lite sjø. Smikkfult i Bekkjarvik, men me skulle likevel til Bakkasundet slik at det vert noko kortare til Bergen i morgon. Litt ro i heimen etter eit besøk på lekebutikken i Bekkjarvik:)
Kulingen fortsatte og me fekk litt sjøgong i Horgeosen eller kva det no var det hette... June la Ola rett etter Bekkjarvik, men det blei som vanleg eit langt leret å bleikje, men sovna endeleg ca kl. 22! etter 3 timar med turnering i senga... Eit slit. Me fekk fortødd i Bakkasundet (kl. 21). Her fekk me ein bra plass til tross for at det er fult, mange ligg dårlig til på utsida, me har heldigvis fått baugen mot sør på innsida og ligg supert utpå ein stålbåt med eit hyggelig eldre par frå Stavanger (ca). Ellers deilig å endelig vere på nett etter ei veke kun på mobilt nett

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar