søndag 12. juli 2009

Flåten på plass!

Da vart eit omfattande arbeid å få plassert flåten på hyttetaket. Dekselet som skjule tau og luke over inngangspartiet viste seg å ha fått ein betydelig mengde sikafleks i tillegg til 12 skrua. Ergo komplett umulig få av. Einaste alternativ va å bora opp teakproppane i karmen som helde luko på plass... Sånn at me fekk bort luko og kunne bruka den smale opningen der luko normalt skjules i open tilstand til å få på plass boltane! Deretter vart da eit møysommelig arbeid å boltane langt inn og opp i holene me hadde borra, 2 mm for lang boltane og da vart for liten plass, 2 mm for kort og bolten rakk ikkje gjennom! Puh... Tapa bolten til Amund sin håv, lyste med lommelykt ner holet for å kunna sjå kor holet va og vinkla opp bolten, litt opp i holet stakk me ei tynn fjøl onda bolten, reiv til oss håven og pressa opp bolten med fjølo! Da tok heile dagen å få dei 12 boltane på plass, men no e da endeleg gjort! Ellers har me og fått orden på puto som alltid ville skli ut, 4 trykknappar gjere susende no sitte ho som støypt! Stord Saum har gjort flott arbeid...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar