lørdag 10. april 2010

Ein smak av sommar!

Flott dag på sjøen i dag, i lett medvind kunne ein nesten tru det var sommar. I motvinden på veg heim når skyene skygga for sola vart det derimot ganske så kald, men det er berre å kle seg, fantastisk på sjøen no:)

Flott å endelig ha løyst problemet med at me ikkje kunne seile med sprayhooden nede, dette blir veldig bra i regatta og i godver generelt...

Naken uten sprayhooden, den er i badekaret for vask. Inni hampen med grønska som kom på i haust, til no ser det ikkje ut til at grønnsåpe blandinga gjer susen, men me får la det ligge til i morgon og håpe på det beste... Mykje anne skitt er kommen på også...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar