søndag 11. april 2010

Enda ein fin aprildag på sjøen!

Etter såpebad over natta vart det knikking på sprayhooden søndag morgon, den vart bra rein. På ettermiddagen var det tid for å få den på igjen og lufte seila i den flotte veret, men ingen smak av sommar i dag, iskald vind gjorde at det både blei hue og vindtett hette ein periode, men perfekt seilvind og skyfritt og sol, 5-7 ms kan eg tenke meg (vindmålaren er fortsatt ute av drift) frå sør-vest.

Uten mål satte eg seil utfor Eldøyane, Silje gjorde det samme litt bak og la seg i kjølvatnet for å teste forma... Opp med Tittelsnes slakka eg på storen så dei skulle sleppe å bruke heile søndagen for å ta meg igjen, hehe... Nei, Silje går godt, det veit me jo og ho har ikkje blitt tregare med ny stor, dei tok tydelig innpå...

Etter litt hytt og pine seiling fann eg ut at eg skulle ta meg ein skikkelig tur i dag og satte kursen mot Ilholmane og babordrunding Terneskjer så kurs mot Hidle og babord runding før turen gjekk tilbake til Eldøyane. Det tok i underkant av 3 timar, bra vind heile vegen med 7,7 knop som maksfart. Stort sett rundt 6-6,5 knop... Deilig, ikkje verst å bli solbrent 11. april på sjøen...:)

Her ved Ilholmane
Og her ved Hidle...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar