søndag 9. mai 2010

19 Rundt






19 Rundt vart ein flott tur rundt Stord. 5 båtar stilte til start, Amelie, No Limit, Storm, Silje og oss i FRI. Nytt mannskap for anledningen, søskenbarn Atle (nyleg båteigar for fyrste gong (maxi 77)) og hans kamerat Ralf. Ingenting å sei på interesse og innsats frå mannskapet, bra!

Rett før start kom eg på at den lengste spila til storseilet som låg heime! Båten var "nyrigga" etter at seila hadde vore av og lazybaggen hadde hatt seg ein tur i badekaret... June var rekord raskt på pletten, me rakk starten som vart litt forvirrande for dei fleste. Om det var rett eller gale har eg ikkje sjekka, men eg meinar no at det normale er å blåse på 5,4 og 1 minutt før start. Her vart det blåst på 6 minutt også og det førte til at alle trudde starten gjekk når det var 1 minutt igjen, me kom oss ikkje tilbake raskt nok og fekk tjuvstart og måtte då gå tilbake, men tapte ikkje så svært mykje, men det er jo alltid ein fordel å komme godt ut av start.

Me tok igjen Silje og runda Ystøya som 4. båt. Når nordavinden kom drog Silje i frå, men ikkje altfor mykje, me var godt nøgd med båtfarten, etter kvart som vinden auka på kom skjøte i cockpit til sin rett. Mykje lettare no å sørge for rett trim på storen, før har me nok segla ganske mykje med for stram stor og for stort ratt utslag og lettare broach som resultat. Det var tydelig kor mykje enkel kjøring av storen har å sei ved skiftande vind, no kan me utnytte vindskifta mykje enklare og raskare med bedre høyde og større fart som resultat. Mannskapet gjorde ein flott innsats i slaga og me fekk lite problem og ganske effektive slag. Synd Silje fekk problem og måtte gi seg ved Eide etter fyrst å segla lenge uten genoa ved Jektevik, då var det langt til nestemann og konsentrasjonen gjekk litt ned.
Me fekk mykje vind i Selbjørnsfjorden, men det gjekk fint ut til Sigleflu sjølv om det hadde bygd seg opp kraftig sjø der ute, lite seilføring gjorde at dei store surfane uteblei når me runda, men nesten 10 knop på det meste var likevel bra. Sjøane avtok fort ned mot Ringholmen. I den iskalde nordavinden var det deilig å sette kursen sørover igjen, med vindmålaren ute av drift veit me ikkje kva vinden var, men den var over 30 knop, det er heilt sikkert. Det var skikkelig friskt og det bles berre meir og meir før me runda Sigleflu. Ganske overraskande, me fekk lite vind frå Engevik og opp til Osternesboane og trudde vinden holdt på å løya, men det er jo dette som gjer denne regattaen spesiell og flott, skiftande forhold og flott naturopplevelse!

Frå Sigleflu vart det behagelig platt lens med spridd fokk ned til brua, lange periodar i over 8 knop, topp over 9! Påveg inn til mål gjekk me for nært Eldøyane og kom inn i skiftande og lite vind. 8 timar og 38 minutt gjekk med, raskt mtp at me kun hadde lett vind fyrste halvanna time!

Ein kjempetur og ein stor takk til sporty mannskap:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar