onsdag 5. mai 2010

Sjøsatt!


To dagar før planen vart FRI sjøsatt i dag, det passa best for kranførar og mtp på 19 Rundt på laurdag, kasta eg og faderen oss rundt og fekk ordna det som gjenstod. Det store spørsmålet var om det faktisk var vatn i drevolja eller ikkje. Fleirtallet som såg den avtappa olja i båthavna meinte det var vatn i, medan RUBB meinar det ikkje er vatn i. Mistanken om vatn kom av at avtapningspluggen satt laust og pakningen ikkje såg ut til å passe skikkelig.


Vel, no har me fått ny betre pakning (o-ring) på avtapningspluggen samt nytta litt locktite (av den snille sorten) så får me håpe skruen sitt bedre denne gangen, så kryssar me sjølvsagt fingrane for at det no er tett... Om det har vore litt vatn i olja er det så forsvinnande lite at det ikkje kan ha gjort nokon skade... Mobilen vart tom for straum så ingen bilder av sjøsettinga, men de gjekk flott og Baven til Roald kom opp samsundes... dvs rett etter...:)

Vel, her eit bilde frå i går... blank i pelsen og glatt som berre det under, noe har me ingenting å skylde på:)
Dette har eg lova kranførar at me skal hugse til neste opptak:
Fremmre stropp skal me ta inn 10 kjettingledd for å få båten rett, stroppene skal tas mellom innervant og mellom/yttervant. Stropp fremme skal vere i bakkant av dei to smålukene på hyttetaket og bakstroppen skal vere jevnt med akterkanten av genoaskinna. Kjølen skal settast på to stk 2*4 i flukt med kjølbladet fremme og bak, gjerne tilpasse desse litt. Ellers enig med Roald om at me går til anskaffelse av to stk lause bukkar tilsvarande dei Åsmund har, nyttig ved mykje vind og når ein skal løyse ned ein og ein labbe for å smøre...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar