tirsdag 22. juni 2010

Gass!




Prosjektet med å monterer fjernstyrt stenging av gassen ute med brytar inne ved pentryet skulle vise seg å bli eit langt læret å bleike, med feil ventil, retur, bestilling av ny fra Tyskland og for ikkje å nevne styret med å få trekt kablar i denne båten, det er rett og slett håplaust vanskeleg å få til (her skal det 3 ledningar frå gassflaska ute, gjennom gasstettkobling i kassen bak og så til pentryet samt 2 ledningar frå sikringskapet på babordside til pentryet på styrbord). MEN no er det på plass og fungerar 100% som forventa. Med ein stor respekt for gass ombord i båt har me hatt som utfravikelig rutine å stenge gassen ut kvar natt. Det er dog noko me har gløymt mange gonger samtidig som det er irriterande å måtte gå ut, vippe opp badeplattforma og opne for gassen om morgonen for å få kokt seg litt kaffi, så det blir fint med denne ventilen og det blir åpenbart tryggare. No stenger ein gassen med ein knapp i pentryet og skulle ein gløyme dette også stenges den automatisk når straumen stenges i båten (det må til straum for at den skal opne).

Gassalarmen er også montert no! Gjenståande prosjekt i sommar er montering av den nye TVen samt å få bestilt Noa Ankerholder, dusjsett ute med varmtvatn (berre kaldt i dag, men varmtvatn er lagt heilt fram), prosjektet med å få montert opp bord endar nok med det lauste bordet i år også, det tar mykje tid å montere ting i båt...




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar