tirsdag 22. juni 2010

Siste tirsdagseilas før sommaren!

4 båtar til start rundt Otterøya i dag i fin vind og grei nok temp. Me feilberekna tida i dag, me måtte ut av båsen for å få dratt opp seilet som eg hadde tatt ned før sydenferien, enden på visa vart at me låg langt over startlinja då starten gjekk, med fokka halvegsoppe og storseilet i lazybaggen, det gjekk 4 minutt før me hadde komme oss tilbake over startlinja og fått opp alle klutane. Ser Ove skriv at han ville ha venta om han var klar over at me ikkje kom til å rekke det, men eg er av den oppfatning at me startar nøyaktig kl. 1800, så slepp me at dette sklir ut, berre vår egen feil i dg. MEN, det var litt moro å starte bak og ha muligheten til å ta igjen båtar som har lågare LYS, dette med Gundermetoden MÅ me berre prøve ein gong:) Vel, me syns Hansemann gjekk fint i dag, eg trur eg har knekt ein kode ifht storseilet som eg no seilar med mykje meir bus enn før og eg syns eg når "toppfart" lettare no enn før så eg har no stramma ut uthalet for tidleg før. Det enda me at me tok igjen Chabli ved Klasen på returen og jammen klarte me ikkje å snike oss før både Sundance og Shantyen så me måtte ta tida i mål, sjølvsagt måtte me få kluss med rulla for fyrste gong så det vart litt på hogg og belegg å ta dei andre i mål, men det var svært jevnt med ca 4 min frå fyrste til siste båt. FRI fekk 3. plass korrigert

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar