fredag 20. august 2010

Håkonar - frisk vind i vente!

Yr melder om stiv og periodevis, sterk kuling frå sør-sørvest på ettermiddagen i morgon. Flåten på ca 10 båtar vil då vere i Stokksundet på veg mot Fitjar. Dersom varselet held seg kan det bli ein rekordrask og frisk seilas toppa med mulighet for kraftige regnbyger. FRI som no likevel stiller shorthanded (meg og June), byttar ut rev 1, og sett inn rev 3 slik at me kan ha det nokonlunde komfortablet om det skulle bli så mykje vind:). Ein spanande seilas ventar mao! Søndagen ser ut til å bli mellom nord vestleg og sørvestleg, svak vind... så det kan bli store kontrastar... men som alle veit, veret kan endre seg fort!

1 kommentar: