mandag 30. august 2010

Helgetur til Bjoa!






Laurdagen var satt av til dugnadsarbeid i båthavna og eg tok like godt 8 timar, frå 9 til 17 så heile kvoten vart fylt på ein dag, ny 6o meters servicebrygge er no godt i gong:) Så vart kursen satt mot Bjoa der resten av familien hadde stukke i førevegen. Med fin vind frå vest og nyvunnen sjølvtillit ang gennakerseilas vart det forhatte seglet satt fyrst som sist, loggen la seg stabilt mellom 6 og 7 knop, ein jibb i fjorden gjekk som smurt og med kurs rett mot Bjoa fekk autopiloten vise at gennakerseilas i over 7 knop båtfart går fint med stabil vind! Sjølv om det vart seint før båten vart fortødd ved Bjoakaien hadde svigermor nydeleg lam å by på til middag.
På Bjoa vart det tid til skogstur og ørretfisk på søndagen før far igjen satte kursen heimover åleine, maks høgde vart tilstreba i nordavinden, og den vanlege 6,5-6,6 knop båtfart med maks kryss stemmer utrulig bra med Polardiagrammet for 105% foreseil faktisk ligg FRI 0,1 til 0,2 knop betre en polardiagrammet og då med minst like god høgde som diagrammet seier. Etter Tittelsnes vart det litt stikk i skjøtene og farten gjekk rett til 7,5 knop som også stemmer svært god med diagrammet for dennne vindvinkelen, så båten går bra det har me egentlig visst lenge sjølv om resultata ikkje gjenspeglar dette... Vel, i morgon er det nye mulighetar i tirsdagsseilas:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar