tirsdag 31. august 2010

Tirsdagsseilas 31. august!









Seilasen gjekk i dag frå Eldøyane og styrbord Hestholmen så styrbord Klasen og i mål med faderen og Leif Rune ombord. Dei fleste båtane gjekk av ein eller anna grunn sør til staken ved Hestholmen, inkl. oss på FRI, når ein fyrst er på tur...:) For det vart tur i dag, sikkerheten rundt båtfart ifht polardiagram forsvant som dugg for sola, til tider svak båtfart i dag, men i lett vind som i dag hadde det gjort seg med genoa 1, men med Leif Rune ombord fekk me gode tips til å styre høgare i vinden og me tok svært mykje høgde den siste nautiske før runding og gennakerseilasen gjekk fint, igjen. FRI var 4. båt i mål av heile 9 båtar i dag, men som vanleg er det fritt fall på resultatlista når korrigert tid vert rekna ut... 7. plass korrigert og sist blant spinnakerbåtane... Hmmm... dette er jo ikkje godt nok!
Då får me heller glede oss over det gode oppmøte, kanskje var det vaflar og kaffi som frista i Seilerhuset etter endt seilas, det var iallefall godt oppmøte der også, særs trivelig og det skal ikkje mykje til for å få til noko slikt:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar