torsdag 12. august 2010

Inn i solnedgangen!

Lite orginalt tema, men lika flott kvar gong. Kursen satt mot Fitjar, jobbing der i morgon før eg legg kursen mot Eggøyo, resten av familien og besøket frå Nord-Norge reiste ut i dag. Ein ledig ettermiddag måtte sjølvsagt nyttast i båten, det er lenge sidan me fekk ny motorromsvifte på garantien, den me har hatt til no bråka fælt. Monteringa gjekk fint, fekk samtidig flytta ekspansjonstanken til meir fornuftig stad. Den nye vifta er lydlaus, den kan ikkje høyrast når motoren er stoppa ein gong, deilig! Plastimo for dei som måtte lure, lik den som vert nytta i nye Hansebåtar no... Som ein ser et den stor ifht den gamle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar