tirsdag 10. august 2010

Ulv, ulv...



skal ein som kjent ikkje rope utan grunn... Med fiskebåt-maskinist ombord tok det ikkje lang tid å avdekke at problemet slett ikkje var ventilane (som sjølvsagt var i perfekt stand), men viftereima. Jo, den vart sjekka umiddelbart når lyden dukka opp, men eg sjekka berre at den var på plass og at den var stram, at det var ei flenge i denne som låg og tok kraftig bort i dekslet over reima med ein plinge/rasle lyd som resultat tenkte eg ikkje over. Når motoren gjekk var den ikkje synleg og når den vart stoppe stod denne flenga under dekslet.

Til mitt forsvar var maskinisten enig i at lyden som oppstod var mistenkelig lik ventilpikking. Berre så det er sagt. No får me berre håpe motoren tilgir mitt totalt ubegrunna tillitssvik! Uansett var det jo ulidelig kjekt at eg tok feil:)

2 kommentarer:

  1. Shit... trur eg skal handla ekstra viftereim med ein gong. Har laga meg ei liste med reservedeler det er lurt å ha om bord, men ikkje kome så langt enno. Bra det ikkje var ventilane.

    SvarSlett
  2. Eg kjøpte eit sett frå fabrikken når me henta båten, det inneheld:
    - viftereimer (det er to stk på Yanmaren)
    - impellar
    - oljefilter
    - 5 liter olje (i fall alt renn ut, ved lekkasje frå filter feks)
    - finfilter og grovfilter innsats
    - sink (sjølva

    Greit å ha, no er det berre å bestille ny viftereim igjen så eg har i fall det skjer igjen.

    Ei erfaring eg gjorde meg i går som kan vere grei å kjenne til. Det var vanskeleg å justere "inn" dynamoen så mykje at ein fekk på den nye reima. Der hadde fiskebåtmaskinisten eit godt triks. Ei pipe med skralle på mutteren på "svinghjulet". Med dette redskapet tørna han heile motoren og slik åt reima seg over kanten. Umulig uten dette trikset på denne motoren. Eg hadde nok vurdert det som at reima var for kort, men det var lite å justere på og reimene strekker seg fort så dei må ettersjåast raskt når dei er nymontert, også viktig å huske på... Verkeleg ein knalltur dåke fekk med nybåt:)

    SvarSlett