onsdag 29. september 2010

Årets siste tirsdagsseilas!





Etter ein hektisk september med lite seiling var det deilig å endeleg få tid til ein kveld på sjøen igjen på siste tirsdagsseilas. Starten gjekk i null vind, FRI kom bra ut og låg ein periode berre bak STORM. Det kom vind ganske raskt og med litt medstraum kom me raskt til Klasen som 3. båt i feltet av heile 9 båtar denne gongen.

Silje fekk opp balongen etter runding av staken ved Klasen og fossa forbi. Skjøtene til vår gennaker låg heime saman med skjøtet til storseilet så til tross for at me hadde gjort klart med ein liten hyssing til skjøte så valgte me droppe gennakeren i dag sidan det vart litt skaprt, men nedover hadde det svart seg så med perfekt setting kunne me gjort det greit, men me to ombord så er det alltid ei vurdering kva som er mest fornuftig. Me tapte nok ikkje veldig mykje på det, men så vart det også svært jevnt på lista så eit par minuttar betre tid ville gitt oss 4. plassen korrigert, i stadenfor 7. plass som det vart no. Shantynette la seg på aldo vår frå Klasen og rei seg inn til ein imponerande 2. plass, Oven singelhanded... Med denne seilasen klarte me 8 av 16 seilasar i år og ser derfor fram til å få ei krus i premieskapet, eg trur det skal vere plass, hehe...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar