søndag 3. oktober 2010

Windjammer 2010

Årets Windjammer havna på samme dag som minstemann Ola hadde 3 årsdag, det vart derfor vanskeleg å nytte heile dagen til seiling, men med litt fin planlegging hadde eg likevel spikra Windjammaren saman med faderen i Doubelhanded klassen. Med eit mannskap som har nyoperert både kne og rygg var ikkje meldigane om sterk vind dei beste for oss og om morgonen før start kikra eg ned på Huglehammaren, det kokte av brytande sjø og dermed vart valget egentlig enkelt! Sjølv om det løya ein del før starta så vart det ein svært frisk Windjammar for dei som vart med. Bilda er frå starten, det var litt rart å stå på moloen med betalt startkontingent... Motoet vårt om at me gjer oss aldri har fått seg ein smekk, men litt fornuft må ein nytte inn i mellom:)

Vel, her er ein bunke bilder i hytt og pine, Blogspot har ein dårlig funksjon for å legg ut bilder. Dessverre har eg ikkje fåt tatt bilder av alle Stordbåtane, blant anna ikkje av nr. 3 Over-all Silje, gratulerer likevel Roy!



Her Trond sin Chablis


The Raunholm Brothers i fint driv!
Friskt!




Sundanceen, vart nr. 24 over-all, ubekrefta rykter fortel om ødelagt forseilet, kjiipt isåfall!

Her er årets VINNAR, Avergae Joe i fint driv, heile 13 min føre nr 2 på korrigert tid er imponerande! Tippar dei sakna fleire Melges konkurrentar på startlinja!
Her er nr 2 Over-all, Ollie Royal i fint driv!
Veni, Hanse 430, vart nr. 9 over-all med sjølvslåande fokk, ikkje verst! Det går altså ann å få fart på ein Hansebåt, de er jo godt å sjå:)
Jeanneau 49 i stor fart tett på moloen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar